Sigmund Olaf Plytt Mowinckel () var ein norsk teolog fødd i Kjerringøy. Han var ein internasjonalt kjend forskar på Det gamle testamentet.

Prestesonen Mowinckel vart cand.theol. i 1908. 1911-13 studerte han i Tyskland og vart påverka av den tyske gammaltestament-forskaren Hermann Gunkel. Seinare verka også den danske religionshistorikaren Vilhelm Grønbech inn på Mowinckels forfattarskap.

Frå 1915 var Mowinckel tilsett ved Det teologiske fakultet i Oslo, fyrst som universitetsstipendiat og sidan 1917 som dosent, frå 1922 i professor-stilling. Gjennom artiklar og bøker ytte han viktige bidrag til utforskinga av dei historiske, profetiske og poetiske tekstane. Sterkast interesse fanga hans studiar av dei bibelske salmane. Dei seks delane i Psalmenstudien, som kom ut i åra 1921–24, vart grundig diskutert innom fagfeltet.

Kjelder Sigmund Mowinckel i Norsk Biografisk Leksikon ved snl.no

Kategori:Norske teologiprofessorar