Cyrus Porter Smith () var ein amerikansk politikar. Han var borgarmeister iBrooklyn frå 1839 til 1842.
Bakgrunn Smith var fødd på ein gard i Hanover i New Hampshire, og arbeidde seg gjennom Dartmouth College. Etter å ha studert juss i Connecticut flytta han til Brooklyn i 1827. Han kom til byen med få kontakter og ressursar, og blei kjend gjennom å ha deltatt aktivt i presidentvalkampen i 1828 og som korleiar i First Presbyterian Church i byen.
Deltaking i samfunnslivet Smith hadde stillingar som sekretær for Board of Trustees for Brooklyn og deretter for Corporation Counsel.
I 1839 blei han vald til borgarmeister av Board of Trustees. Han blei den fyrste folkevalde borgarmeisteren i Brooklyn i 1840. Han tapte så for demokraten Henry C. Murphy i 1842.
Smith blei seinare senator i delstaten. Han var òg involvert i andre samfunnsverv, og var medlem av Board of Education i tretti år, og var medgrunnleggar av både Green-Wood Cemetery (der han seinare blei gravlagd) og Brooklyn City Hospital.
Smith & Bulkley Etter å ha forlate dei offentlege embeta sin slo Smith seg saman med forretningspartneren William F. Bulkley om å danna føretaket Smith & Bulkley. Smith var president i selskapet, med mange jernbane- og ferjeføretak i Brooklyn, mellom anna Catherine Ferry og Gouverneur Street Ferry.
Familie Eit av barnebarna hans var illustratøren Pamela Colman Smith.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cyrus P. Smith» frå , den 25. juli 2023.
Kategori:Folk frå Brooklyn Kategori:USA-amerikanarar frå 1800-talet