Rotevågsøyna er ei øy nordvest i Øygarden kommune i Vestland fylke. Øya er skilt frå Dåvøyna i nord av det smale Søre Dåvøysundet. Det har gått bru til Dåvøyna sidan 1970-talet. Høgste punktet på øya er 25 meter over havet.
Rotevågsøyna vart først busett i 1917 med eit gardsbruk og eit til før eller etter 2. verdskrig. Sidan vegsambandet kom er det bygd 3 nyare hus og lun båthamn på innsida.
Kjelder Kjell Terje Dåvøy, Gard- og ættesoge frå Dåvøy og Rotevågsøy (eige forlag, 2000)
Kategori:Øyar i Øygarden