Gassisk eller madagassisk er eit språk i den austronesiske språkfamilien. Ein snakkar språket på Madagaskar, der det er offisielt språk, og på Komorane, Réunion og Mayotte. Språket blir snakka av til saman 6 millionar menneske.
Gassisk er eit VOS-språk, eitt av få språk i verda der objektet som regel kjem før subjektet i ein setning.
Skrift Det første gassiske skriftspråket nytta arabisk skrift. Det novarande systemet blei utarbeidd av misjonærar på oppdrag av kong Radama I. Det nyttar 21 latinske bokstavar: a, b, d, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, o, p, r, s, t, v, y, z. Tidvis nyttar ein ô (o med cirkumflex) og n̈ (n med trema).
Gassisk språkvitskap
Ein av verdas fremste ekspertar på gassisk var nordmannen Otto Christian Dahl (1903-95).
Språkdøme Manahoana - Hei Veloma - Ha det Iza no anaranao? - Kva heiter du?
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Malagassiska» frå , den 4. juli 2010.
Kategori:Einskildspråk Kategori:Malayopolynesiske språk Kategori:Språk på Madagaskar Kategori:Språk på Komorane Kategori:Språk på Réunion Kategori:Språk på Mayotte