Ulrike Bruns, fødd Klapezynski, () er ein tysk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Cottbus som representerte Aust-Tyskland. Ho vann bronse på 1500 m i Sommar-OL 1976, på 10 000 m i EM 1986 og på 3 000 m i VM 1987.
Frå midt på 1970-talet var Ulrike Klapezynski ein av verdas fremste mellomdistanseløparar på kvinnesida. Sommaren 1976 sette ho tysk rekord på 1500 meter med 3.59,9. To veker seinare vann ho bronsemedaljen på distansen under dei olympiske sommarleikane i Montreal, einast sju hundredels sekund bak sølvmedaljøren. Sidan kom ho på femteplass på 1500 m i så vel Moskva-OL 1980 som i Friidretts-EM 1982. På tampen av si tid som aktiv sprang Bruns inn til bronsemedalje på 10 000 meter i EM i friidrett 1986 i Stuttgart og på 3 000 m i VM i friidrett 1987 i Roma.
Personlege rekordar 800 meter: 1.57,06 (1976) 1500 m: 3.59,9 (1976) 3 000 m: 8.36,3 (1984) 10 000 m: 31.19,6 (1986)
Kjelder
Ulrike BRUNS Profile World Athletics Denne artikkelen bygger på «Ulrike Bruns» frå , den 9. august 2023.
Kategori:Tyske mellomdistanseløparar Kategori:Tyske langdistanseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987