Jevgenij Bulantsjik () var ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Horlivka som representerte Sovjetunionen. Han vart i 1954 europameister på 110 meter hekk.

Karriere Under EM i friidrett 1950 i Brussel vann Bulantsjik sitt forsøksfelt på korthekken tida 14,8 sekund. I finalen mislukkast han og vart sjette- og sistemann på 15,2. To år seinare i Helsinki var han den einaste europearen som tok seg til OL-finalen på 110 m hekk. Der vart nummer 4, slått av Harrison Dillard og to andre karar frå USA. I august 1954 vann Bulantsjik gullmedaljen på korthekken på tida 14,4 sekund då EM i friidrett 1954 vart avvikla i sveitsiske Bern.

Kvart einaste år frå 1948 til 1955 vart Bulantsjik sovjet-meister på 110 meter hekk. Sitt livsbeste på 14,1 sekund oppnådde han i september 1952 i Dusjanbe.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jewgeni Bulantschik» frå , den 13. august 2023.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske friidrettsutøvarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952