mini|300x300pk|Den fyrste store omleiringa av Malta (1565), målarstykke av Matteo Perez d'Aleccio, har stor symbolsk tyding for Maltas historie. mini|300x300pk|Kart som viser kvar Malta ligg i Europa. Maltesisk historie byrjar kring 5200 f.Kr., då dei maltesiske øyane – den største øya Malta, den litt mindre Gozo og fire andre små øyar sør for Italia (som også samla vert kalla for «Malta») – vart folkesett frå Sicilia.islandofgozo.org/history Seinare kom fønikarar og grekarar til Malta. Dei sistnemnde kalla øya for Μελίτη (Melite) i tyding «søt honning» eller «honningbie». Talrike folk og makter har hærteken øya gjennom hundreåra. Rundt 200 f.Kr. vart Malta lagt inn under Romarriket. Sidan var øya vunne og åtte av arabarar og normannar. I 1530 vart øya gjeven til krossfararordenen Malteserordenen for å verja Roma mot tyrkarar.

Den fyrste store omleiringa av Malta stod tyrkarane for i 1565, men øya gav aldri opp. Den andre store omleiringa skjedde under den andre verdskrigen då aksemaktene bomba øya og hindra tilførsel av all gods, men enno gav ikkje Malta opp. For dette strevet vart Malta gitt heidersutmerkinga Georgskors av den britiske kongen for å vera «vitne til heltemotet og oppofringa til folket sitt». Georgskorset står enno i dag på flagget til nasjonen.

Etter napoleonskrigane vart Malta overteken av Storbritannia, og etter 164 år som britisk koloni fekk Malta sjølvstende frå Storbritannia i 1964. Malta vart medlem av Den europeiske unionen i 2004, og er i tillegg medlem av Samveldet av nasjonar og Dei sameinte nasjonane (FN).

Fornsoge venstre|mini|Skjelett frå dvergelefant, Ghar Dalam Museum. venstre|mini|«Den feite dama frå Malta», forhistorisk hovudlaus skulptur. Geologisk ligg Malta (og hine maltesiske øyane) på ein undervassrygg som strekkjer seg frå Nord-Afrika til Sicilia. Ein gong i fjern fortid låg Malta i kavet, noko ein kan sjå av sjøfossil i fjellet på det høgste punktet på øya. Etter kvart som ryggen vart pressa oppover og Gibraltarsundet enno var lukka, vart vasstanden i Middelhavet lægre. Malta var då lik ei bru av tørt land som strekte seg imellom dei to kontinenta Europa og Afrika, kringsett av store innsjøar. Sume grotter på Malta har synt fram bein frå elefantar, flodhestar og andre store dyr som no finst einast i Afrika, medan andre har vist bein frå dyr som berre finst i Europa. Etter kvart som havet steig, vart Malta til ei øy, og til liks med so mange andre isolerte øysamfunn vart då elefantane – i fråvær av rovdyr – mindre og meir beiteeffektive før dei til slutt døydde ut.Endemic elephants of the Mediterranean Islands: knowledge, problems and perspectives (Rome 2001) mini|Detalj frå megalittempelet Ħaġar Qim på Malta. Menneskja kom fyrst til Malta ein gong kring år 5200 f.Kr. Desse fyrste neolittiske folka innvandra truleg frå Sicilia som ligg om lag 100 km lengre nord. Dette var eit folk som mest livberga seg med jordbruk og fiskje, men det finst ikkje lite prov for jakt. Dei levde etter syne i hòler og utandørs. I hundreåra som fylgde, er det prov på møte med andre kulturar som påverka desse samfunna, mellom anna på utforminga av keramikk og bruk av fargar.

Ein av dei mest oppsiktsvekkande tidbolkane i historia til Malta er tempelperioden som tok til kring 3600 f.Kr. Det forhistoriske tempelet Ggantia på Gozo, den nest største av dei seks øyane i Malta, er den eldste frittståande bygninga i verda. Mange av templa har form som fem halvsirkelforma rom sameinte i sentrum. Forskarar har lagt fram at desse kan ha representert hovud, armar og føtene til guddommen, sidan ein av dei vanlegaste typar statuar som er funnen i desse templa er av ei feit kvinne, eit symbol på frævleik. Tempelperioden varte fram til kring 2500 f.Kr., då det tykkjest at den sivilisasjonen som reiste desse store monolittane kvarv. Det er framleis diskusjon om dei vart jaga ut, eller om dei smelte saman men nye folk som innvandra. mini|«Hjulspora» ved Clapham Junction. Etter tempelperioden kom bronsealderen. Frå denne perioden er det funne eit tal busetjingar og landsbyar forutan steindysjer – altarlike strukturar som vart sett saman av store steinplater og deretter dekt med jord (som no er forsvunne). Ein verna bautastein, som vart nytta for å byggja tempel, står på Kirkop, ein av dei få som framleis er i god stand.

Imellom dei meir mystiske leivningane frå denne tida, er «vognspora» som ein kan sjå på ein stad som heiter «Clapham Junction».Namnet vart etter segn gjeve av ein engelskmann sidan spora minte han om den store jarnbanestasjonen Clapham Junction i London. Sjå Megalithic.co.uk: Clapham Junction Cart Ruts Desse er par av parallelle kanalar som er skorne ned i fjellyta, og strekkjer seg over lange distansar, ofte i ei nøgjen rett line. Vi veit ikkje kva dei vart nøytt til. Eit framlegg er at desse kanalane vart nytta av dragdyr som drog vogner etter seg, slik at dei ikkje kunna villast. Eit anna er at varer vart ført på sledar som skura spor i fjellet. Dei kunne òg vera ei form for vatningssystem. I tillegg har langt meir fantasifulle framlegg kome.

Fønikarar og grekarar Det samfunnet som bygde desse digre strukturane døydde knapt ut, men vart blanda med nye folkegrupper som kom til øya. Ein gong mellom 1100 f.Kr. og 800 f.Kr. kom eit handelsfolk på sjøvegen frå den austlege delen av Middelhavet til Malta. Dette var fønikarar frå byen Tyr i Midtausten. Fønikarane kalla den store øya for MLT (Malet) og den mindre øya for GL (Gol). Fleire tiår med ekteskap mellom lokalfolket og handelsfolket frå aust førte til ei etnisk blanding, der innbyggjarane tok opp fønikisk sed og skikk. På Malta vart det reist eit fønikisk tempel. Fønikarane nytta Malta som utpost for vidare gransking og kolonisering av den vestlege delen av Middelhavet, og dei bygde ut hamnene på øya òg. Det tykkjest at øyane var sjølvberga, men det finst ingen rapportar som tyder på kva varer det vart handla med. Truleg var olje eit viktig produkt, og fønikarane innførte produksjonen av keramikk ved hjelp av dreieskive. høgre|mini|89x89pk|Symbolet for den puniske guden Tanit er funne på Gozo. Då Tyr gjekk inn i ein nedgangsperiode, vart Malta overteke av punarar frå Kartago i Nord-Afrika, som sjølv var ein gammal fønikisk base, ein gong rundt år 400 f.Kr. Atter kom det nye gudar, og i ei hòle på Gozo er det funne symbolet for den puniske frævleiksguddommen Tanit, og ved Ras iL-Wardija i nærleiken av landsbyen Santa Lucija sørvest på Gozo er det funne ein punisk heilagdom hoggen ut av fjellet.

Kartago synest å ha gjeve ein økonomisk oppgang for Malta. Øya var eit viktig vegemot for handelen med linstoff, olivenolje og honning. Egypt var ein handelspartnar, noko som er vist ved at det er funne skarabéamulettar på Malta frå den aktuelle perioden. I hamnene vart det reist skipsverv for å byggja og vøla puniske skip.

Det er funne gamle greske mynter, påteikningar og keramikk på Malta som viser at grekarane i antikken byrja å verta mektigare i det vestlege Middelhavet. I år 392 f.Kr. vart øya okkupert av den greske tyrannen Dionysios den yngre (ca. 397–337 f.Kr.). Grekarane kalla øya for Melite (frå det dorisk greske ordet for «søt honning» eller «honningbie»). Jamvel punarane var sjøfolk i beste lag, vart Malta likevel stødt herja av piratar som gjorde mange av innbyggjarane til slavar.

Då Roma byrja å utvida seg som ein militær jamgod motpart til Kartago vart Malta ein base mot romarane. I den første punarkrigen, som byrja 264 f.Kr., vart dei djupe, naturlege hamner på øya viktige for puniske krigsskip. På byrjinga av den andre puniske krigen i 218 f.Kr. vart punarane vist bort frå Malta av romarane.

Romarriket (217 f.Kr. – 395 e.Kr.) mini|Romarane gjorde Medina til hovudstad, i dag Mdina. Romarane gjorde Malta romersk, soleis det var for alle land dei hærtok. Dei endra namna frå Malet og Gol til Melita og Gaulus. Truleg har Melita opphavet sitt i det latinske ordet for honning, mel. Malta har ein strategisk posisjon i Middelhavet, og dette kan vera grunnen til at romarane gav innbyggjarane mange vedgåingar, som å halda på deira eige språk og gudar. Ved slutten av den tredje punarkrigen i 146 f.Kr. var Malta kringsett av romerske provinsar, og dei romerske installasjonane på Malta og Gozo gjorde øyane mykje tryggare, noko som hindra dei frå å verta hærtekne og herja av piratar.

Øyane blomstra under romersk styre, og dei vart vurderte som Municipium, den nest høgste klassifiseringa av ein romersk by, og ein Foederata Civitas. Dei mange romerske fornminne som er funne, vitnar om eit tett samband mellom dei maltesiske innbyggjarane og Roma. Romarane bygde òg byen Medina (no Mdina) på ei tidlegare punisk festning på den høgste staden på øya.Victoria på Gozo var ein bygdeborg i bronsealderen og utvikla vidare av punarar til ein liknande by, men han vart bygd om til eit kompleks Akropolis av romarane.Namnet er av nyare dato, tvinga på innbyggjarane på øya i 1887 av engelskmennene. I dag refererer dei til det gamle namnet, Rabat

Romarane innførte vatning ved hjelp av akveduktar, og dette gjorde eit meir vidfemnande jordbruk råd. Dei viktigaste landbruksprodukta var lin, voks, kveite, olivenolje og honning. Ei anna inntektskjelde var omvøling av romerske skip. Den aukande velstanden på øyane og ein veksande romersk overklasse førte til at dei gamle fønikiske og puniske guddommane vart skovne ut av det maltesiske dagleglivet. Det vart innvigd eit tempel for Juno i Marsaxlokk, eit Apollontempel i Melita og eit tempel for Proserpina i Mtarfa.

Kristendomen venstre|mini|205x205pk|Sankt Paulus skriv, frå eit tidleg manuskript av Paulus' brev, 800-talet. Württembergische Landesbibliothek Stuttgart I år 59 eller 60 e.Kr. var apostelen Paulus på øyane. Han hadde vore i fengsel på Kreta og vart deretter frakta til Roma for å verta dømt av keisaren, noko han hadde rett til som romersk borgar. I staden skal han ha forlist på barden av det som no heiter «Saint Paul's Bay» (Sankt Pauli bukt), noko ein kan lesa ein del om i Apostelgjerningane, men også av arkeologiske utgravingar ved San Pawl Milqghi. Granskingar av noverande og ålmenne vindar frå tida gjer det rimelegare at skipbrotet skjedde i eller i nærleiken av St. Thomas Bay i Marsaskala. mini|Solnedgang over Sankt Pauli bukt. På Malta heldt Paulus seg løynd i ei grotte ved Melita, men han skal samstundes ha konvertert fleire maltesarar til kristendommen. Ein viktig mann på Malta var Publius, den romerske guvernøren, som tok imot Paulus etter at han gjekk i land. Paulus skal ha lækt Publius' far for dysenteri, og av denne grunnen lét Publius seg kristne og vart seinare den fyrste biskopen på Malta. Sankt Publius gjorde Malta til det fyrste kristne landet i vest, og eitt av dei fyrste i verda. Etter tre månader skal havet ha vorte seglande att, og lasta med gåver frå dei maltesiske venene sine drog Paulus vidare til Roma og det fylgjande martyriet sitt.Saint Paul

Det er reist ei kyrkje på den staden der Paulus etter tradisjonen skal ha heila faren til Publius, og etter mange ombygningar har staden i dag ei katedralkyrkje dedisert Sankt Paulus ved Mdina. Kristendommen spreidde seg jamt på Malta, men utøvinga av religionen vart gjort i løyndom for å gjera forfylging mindre rimeleg. Dei store katakombane, mellom anna ved Mdina, tente som bønerom og gravplassar. I åra 305–311 rømde mange kristne frå Sicilia til Malta, men to år seinare gjorde keisar Konstantin den store kristendomen til statsreligion.

Då keisar Theodosius den store døde i 395 vart Romarriket delt mellom sønene hans i ein vestleg og ein austleg del. Malta låg geografisk og politisk innanfor den vestlege delen, men kyrkja tilhøyrde den austlege delen, det seinare bysantinske imperiet.

Germansk og bysantinsk styre (395–870) venstre|mini|Romarriket vart delt i ein vestleg og ein austleg del då Theodosius den stores døydde i 395