Gabriele Tergit (pseudonym for Elise Reifenberg, fødd Hirschmann, ) var ein tyskfødd engelsk skribent og journalist. Ho blei kjend for rapportane sine frå rettsaker, og som forfattar for romanen sin Käsebier erobert den Kurfürstendamm; i engelsk omsetjing Käsebier Takes Berlin) Tergit var sekretarar for PEN-Center for tysktalande forfattarar i utlandet. Ho var mor til matematikaren Ernst Robert Reifenberg.
Bakgrunn Elise Hirschmann var fødd i ei jødisk familie i Berlin i 1894. Då ho var 19 år fekk ho sin fyrste avisartikkel på trykk i eit bilag til Berliner Tageblatt i 1915. Det var ein tekst om vanskane til kvinner i krigstid. Ho avbrot det fyrste forsøket sitt på å koma inn i avisindustrien fordi pressa generelt var oppfatta som å ikkje vera ein stad for unge kvinner av betre klasse. I staden studerte ho historie og filosofi ved fleire tyske universitet, og fekk til slutt doktorgraden i 1925 ved Universitetet i Frankfurt am Main med historikarane Friedrich Meinecke og Erich Marcks som rettleiarar.
Karriere Frå 1920 gav Tergit ut tekstar i feuilletonbilaga til Vossische Zeitung og Berliner Tageblatt. I løpet av denne tida blei Tergit kjent for den tyske nyheitslesaren som juseporter i Berliner Tageblatt. Ho var ein av dei som introduserte litterære verkemiddel til denne typen reportasje. Ho skreiv òg artiklar som kritiserte urettvise eller reaksjonære domarar, trykte i tidsskriftet Die Weltbühne, som blei gjeve ut av Carl von Ossietzky. I 1928 gifta ho seg med arkitekten Heinz Reifenberg.
Debutromanen hennar Käsebier erobert den Kurfürstendamm kom ut i 1932 og gjorde henne berømt. På grunn av den kritiske omtalen hennar av prosessane som involverte nazistane, prøvde ei stor mengd SA-menn å tvinga seg inn i leilegheiten hennar i mars 1933. Etter dette flykta ho til Spindlermühle, og drog seinare til Palestina. Frå 1938 budde ho i London. Ho hadde allereie byrja å skriva den historiske romanen Effingers, som handlar om fleire generasjonar av ein tysk-jødisk familie og som til tider er blitt kalla den «jødiske Buddenbrooks». Romanen blei gjeven ut i 1951, men hadde berre avgrensa suksess då han blei utgjeven.
mini|Gabriele Tergit Promenade i Berlin
Tergit døydde i London, 25. juli 1982. Etter at ho døydde blei det gjeve ut ei samling av minna hennar, Etwas Seltenes überhaupt, i 1983. Ei gate i Berlin er oppkalla etter henne.
Verkliste Käsebier erobert den Kurfürstendamm. Rowohlt 1932, Neuausgaben Krüger 1977, Arani 1988, Das Neue Berlin, Berlin 2004, Berliner Verlag 2007. Neuausgabe 2016: Schöffling, Frankfurt am Main 2016, Effingers. Hammerich & Lesser, Hamburg 1951. with Wilhelm Sternfeld: Autobiographien und Bibliographien. (Bibliographie unserer toten Mitglieder. Autobiographien unserer jetzigen Mitglieder). Hrsg. P.E.N.-Zentrum deutschsprachiger Autoren im Ausland. Expedite Duplicating Co.: London, 1959. Wagener, Hans. Gabriele Tergit: Gestohlene Jahre. Göttingen: 2013. Tergit, Gabriele. Etwas Seltenes Überhaupt: Erinnerungen. Berlin: 1983. Sutton, Fiona. «Weimar’s Forgotten Cassandra: the Writings of Gabriele Tergit in the Weimar Republic» i German Novelists of the Weimar Republic: Intersections of Literature and Politics edited by Karl Leydecker. Suffolk: 2006.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gabriele Tergit» frå , den 18. august 2023.
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Tyske journalistar