Akhenaton, òg kjend som Akhnaton, Akhenaten, Ekhnaton eller Ikhnaton, var farao i Egypt. Han var kjend som Amenhotep IV ved dei fyrste fem åra som farao. Han rikte i 17 år, og døydde år 1336 f.Kr. eller 1334 f.Kr.

Liv og virke Regjeringstid Akhenaton gjennomførte særs omfattande reformer då han rikte i det gamalegyptiske kongedømet. Som farao kvitta han seg med den egyptiske polyteismen til fordel for hans nye tru; trua på éin gud som viste seg i solskiva: Aton. Atonismen er det fyrste kjende dømet på monoteisme i religionshistoria.Bettum, Anders: Akhenaten i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. august 2023.

Reformene møtte sterk motstand i det konservative riket, særleg frå presteskapet knytt til den tidlegare riksguden Amon-Ra. Reformene, som også inkluderte endringar av skriftspråket og bygginga av ein ny egyptisk hovudstad, til heider for solguden Aton: Akhetaton, tok fokuset vekk frå imperiet.

Egypt missa dimed dei fleste av koloniane sine i Nubia og Levanten som hadde vore viktige inntektskjelder. Etter at Akhenaton døydde, vart polyteismen teke fram att, og tida hans som farao vart fortrengt og gløymd. Den nyoppretta hovudstaden Akhetaton vart forlaten i laupet av berre somme tiår etter.

Familie Akhenaton hadde fleire koner, deriblant Kiya og Nefertiti. DNA-test frå 2010 synte at Tutankhamon var son til Akhenaton.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Akhenaten» frå , den 21. august 2023.

Bakgrunnsstoff

Vidare lesing

Hornung, E. 1999: Akhenaten and the religion of light. Ithaca og London: Cornell University Press. Reeves, C. N. 2001: Akhenaten, Egypt's false prophet. New York: Thames & Hudson.

Kategori:Faraoar