Manfred Kinder () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Königsberg, som representerte Tyskland og Vest-Tyskland. Han var i 1960-åra ein av Europas beste 400-meterløparar, og vart europameister 1962 i stafett.

Kinder sprang livsbeste 45,8 sekund på 400 meter den 22. juli 1960 i Berlin. Sju veker seinare vann han ein olympisk sølvmedalje då Tyskland vart nummer 2 i 4 x 400 meter stafett i Roma, få dagar etter han vart femtemann på 400-meteren. Ved EM i friidrett 1962 i Beograd vart han sølvmedaljør individuelt og europameister i 4 x 400 m stafett for Vest-Tyskland. I Sommar-OL 1964 vart ikkje Tyskland og Kinder betre enn nummer 5 i 4 x 400 m stafett. I europameisterskapen 1966 kom Kinder på bronseplassen på 400 m, slått av to utøvarar frå Polen. Han og det vesttyske mannskapet måtte også sjå seg vist til andreplass av Polen i 4 x 400 m stafett. I sin siste internasjonale meisterskap, Sommar-OL 1968, i Mexico-byen hausten 1968 fekk Kinder og Vest-Tyskland bronse i 4 x 400 m stafett.

Kinder vart aldri vesttysk meister på 400 meter, derimot vann han i 1963 og 1964 800-meteren i den vesttyske meisterskapen. På 800 meter fekk han som best notert 1.46,7.

Kjelder

Manfred KINDER | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Manfred Kinder» frå , den 25. august 2023.

Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Tyske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Vest-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Vest-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Folk frå Königsberg