Owe Ingemann Waltherzøe, tidl. Owe Jørgensen () er ein norsk politikar. Han var partileiar i Industri- og Næringspartiet frå opprettinga til 25. januar 2024.

Liv og virke Bakgrunn Waltherzøe har fagbrev som prosessoperatør og tok fagbrev på Norsk Hydro på Herøya. Han har arbeidd som ekspeditør i jarnvarehandel og motorsagreparatør for Joby, og dessutan har han drive Lyngør båtselskap. Waltherzøe har også hatt stilling som skipssjef i Sjøforsvaret, med graden som løytnant. Frå 1998 arbeidde han i Statoil (no Equinor), der han var tillitsvald, hovudverneombod og konserntillitsvalt. I to periodar var han organisasjonssekretær for fagforbundet SAFE.

Politisk karriere I 2011 vekte Waltherzøe åtgaum då han byrja ein anti-valkampanje i heimbyen Porsgrunn, der han delte ut kvite roser i protest mot Arbeidarpartiets lokale skulepolitikk og nedlegging av Hovet skole.

I 2020 var han ein av initiativtakarane som skipa partiet Industri- og Næringspartiet. Han har sidan danninga vore leiaren av partiet.

Som leiar for INP vart Waltherzøe klandra for å vera «diktatorisk». Han tok fyrst ein pause, men valde å forlata leiarposten den 25. januar 2024 etter strid i partileiinga og mistillit.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Owe Ingemann Waltherzøe» frå , den 8. september 2023.

Kategori:Norske politikarar