mini|Store arkana-korta frå Rider-Waite-stokken. Store arkana (Major Arcana) er dei namngjevne eller nummererte korta i ein tarotkortstokk brukt til spåing. Namnet blei fyrst brukt av okkultistar om trumfkorta i ein vanleg tarotkortstokk som blei brukt til å spela kortspel med.Dummett, Michael, Ronald Decker and Thierry Depaulis. A Wicked Pack of Cards, Bloomsbury (1996), p. 38 Det blir ikkje brukt av tarotkortspelarar. Vanlegvis er det 22 store arkana-kort i ein standard kortstokk på 78 kort, og dei er vanlegvis nummererte frå 0 til 21.

Før 1600-talet blei tarotkort berre brukte til å spela spel med, og narren og dei 21 trumfkorta var berre ein del av ein standard kortleik.Michael Dummett. The Game of Tarot. London: Duckworth, 1980. Dei kan ha hatt ei allegorisk og kulturell tyding for dei, men trumfane hadde ikkje opphavleg noka mystisk eller magisk tyding. Med kortstokkar som er utforma til kortspel fungerer desse korta som permanente trumfkort, og skil dei seg frå dei andre korta - talkorta - som okkultistar kallar «vesle arkana».Ronald Decker and Michael Dummett, History of the Occult Tarot, London: Duckworth, 2002

Omgrepa «Major» eller store og «Minor» eller vesle Arcana blir brukt innan okkultisme og spådomstradisjonar. Dei blei skapte av Jean-Baptiste Pitois (1811-1877), som skreiv under namnet Paul Christian.Ronald Decker, Thierry Depaulis, and Michael Dummett. A Wicked Pack of Cards. The Origins of the Occult Tarot. New York. St. Martin's Press, 1996

Som dei tidlege italienske stokkane som dei opphavleg byggjer på, skildrar kvart kort i store arkana ein scene, som vanlegvis omfattar ein eller fleire personar, med fleire symbolske element. I mange stokkar har kvart av dei eit nummer (vanlegvis i romartal) og eit namn, sjølv om ikkje alle stokkar har begge desse, og nokre berre har eit bilde. Kvar tarotkortstokk er forskjellig og kan ha ulike konnotasjonar knytt til kunsten, men mesteparten av symbolismen er den same. Dei tidlegaste utgåvene, før ein byrja med kartomanti, hadde bilde utan namn og tall på trionfi eller trumfane (kanskje fordi mange av dei som brukte dei på den tida var analfabetar), og rekkjefølgja på korta var ikkje standardisert. «Styrke» er tradisjonelt det ellevte kortet og «rettferd» det åttande, men den innverknadsrike Rider-Waite-kortstkokken endra plasseringa til desse to korta for å gjera dei meir passande til den astrologiske tilknytinga som var utarbeidd av Hermetic Order of the Golden Dawn, der det åttande kortet er assosiert med den astrologiske Løva og det ellevte med Vekta. Begge plasseringa blir rekna som gyldige. TalTarot de MarseillesPattern Sheet 001 at i-p-c-s.org. Retrieved 11 August 2022.Court de GébelinMichael Dummett. The Game of Tarot. London: Duckworth, 1980. Rider-WaiteRider Waite Deck at tarot.com. Retrieved 11 August 2022.EtteillaPaul ChristianOswald WirthGolden DawnBook of Thoth (Crowley)0 (okkult) eller utan nummerNarrenNarrenNarrenNarreskapKrokodillenNarrenNarrenNarrenISjonglørMagikaren ("The Thimblerig, or Bateleur")MagikarenSjukdomMagusMagikarenMagikarenMagusIIPavinnaØvsteprestinnaØvsteprestinnaEtteilla / Female questionerThe Gate of the Sanctuary (of the occult Sanctuary)PrestinnaØvsteprestinnaPrestinnaIIIKeisarinnaKeisarinna («Dronning»)KeisarinnaNatt/dagIsis-UraniaKeisarinnaKeisarinnaKeisarinnaIVKeisarenKeisaren («Konge»)KeisarenStøtte/VernThe Cubic StoneKeisarenKeisarenKeisarenVPavenThe Hierophant ("High Priest")The HierophantEkteksap/unionThe Master of the Mysteries (of the Arcana)PavenThe HierophantThe HierophantVIElskaraneEkteskapElskarane(ingen)Dei to veganeElskarenElskaraneElskaraneVIIStridsvognaDen triunferande Osiris StridsvognaDissensionVogna til OsirisStridsvognaStridsvognaStridsvognaVIIIRettferdRettferdStyrkeRettferd/juristThemis ("The Scales and Blade")RettferdRettferdAdjustmentIXEremittenVismannen ("The Sage" or "The Seeker of Truth and Justice")EremittenTraitorThe Veiled LampEremittenEremittenEremittenXLukkehjuletLukkehjuletLukkehjuletFortune / IncreaseSfinksenLukkehjuletLukkehjuletLukkehjuletXIStyrkeFortitude («Styrke»)JusticeStyrke / SovereignThe Muzzled Lion ("The Tamed Lion")StyrkeStyrkeLustXIIDen hangne mannenPrudenceDen hangne mannenPrudence / The PeopleOfferetDen hangne mannenDen hangne mannenDen hangne mannenXIII(Død) - utan namnDødDødMortality / NothingnessThe Skeleton Reaper ("The Reaper", "The Scythe")DødDødDødXIVMåtehaldMåtehaldMåtehaldMåtehald/prestThe Two Urns ("The Genius of the Sun")MåtehaldMåtehaldKunstXVDjevelenTyphonDjevelenGreat ForceTyphonDjevelenDjevelenDjevelenXVIGuds husThe Castle of Plutus ("God-House")Tårnet Misery / PrisonThe Beheaded Tower ("The Lightning-Struck Tower")Tårnet The Blasted TowerTårnet XVIIStjernaOsiris, The Dog Star ("Sirius")StjernaDesolation / AirThe Star of the MagiStjernaStjernaStjernaXVIIIMånenMånenMånenComments / WaterThe TwilightMånenMånenMånenXIXSolaSolaSolaEnlightenment / FireThe Blazing LightSolaSolaSolaXXDomSkaping («Den siste dommen»)DomDomThe Awakening of the Dead (the Genius of the Dead)DomDomThe AeonXXIVerdaVerda ("Time")VerdaVoyage / EarthThe Crown of the MagiVerdaUniversetUniverset

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Major Arcana» frå , den 14. september 2023.

Kategori:Tarot