Homo er ei funkgruppe frå Tromsø.

Bandet vart starta i 2019 av elevar ved Kongsbakken vidaregåande skole i Tromsø. Målet med bandnamnet er i fylgje gruppa sjølv å «å fjerne makta fra de som bruker det [«homo»] som skjellsord, fjerne stigma, og feire ordet». I 2021 vann dei Rock Mot Rus med låta Backspace. Same år spela bandet på Buktafestivalen og sleppte sin fyrste singel, Reimagine.

Homo gav ut debutalbumet Sapiens 1. september 2023.

Diskografi

Album

Sapiens (2023)

Singlar og EP-ar

Reimagine (2021) Backspace (2021) Procrastination Station (2022) Free Me (2023) She (2023) Hey Hey (2023) Go Down (2023) Bodytalk (2023)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Norske musikkgrupper