mini|Stokkebåten frå Vaalermoor finn ein i sjøfartsmuseet i Bremerhaven.

​Stokkebåten frå Vaalermoor vart funnen i Vaalermoor i Schleswig-Holstein. Det er ein utspent stokkebåt som er laga av ein eikestokk. Han har vore 12,3 meter lang, 1,3 meter brei og 0,57 meter djup. I den uthola båten er det elleve tverrband i botn og sider, noko ein kjenner frå andre utspente stokkebåtar. Han smalnar i båe endar, som har form som ein enkel kjøl.

Stokkebåten er utstilt i det tyske sjøfartsmuseet i Bremerhaven.

Det er truleg at dei første samansydde klinkbygde båtane har vorte utvikla frå denne stokkebåttypen. Han er datert til eldre jarnalder, til 100-talet.

Kjelder

Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4

Denne artikkelen bygger på «Einbaum von Vaalermoor» frå , den 21. september 2023.

Bakgrunnsstoff Stokkebåten frå Vaalermoor på funnkart, cultureelerfgoed.nl

Kategori:Klinkbygging Kategori:Arkeologiske funn i Tyskland Kategori:Gjenstandar frå 100-talet