thumb|«La Catrina», ein av de mest kjende figurane på Día de Muertos. Día de Muertos, eller Día de los Muertos, er ei meksikansk feiring som finn stad den 1. og 2. november. Dagens feiring er ei blanding av førkolumbiske kulturar og dei katolske høgtidsdagane allesjelersdag og allehelgensdag.

Día de Muertos er ein festdag både i Mexico, Spania og Mellom-Amerika i tillegg til store delar av USA der det er mange meksikanarar og folk frå Mellom-Amerika.

Opphavet for feiringa av Día de Muertos i Mexico kjem frå før dei spanske conquistadorane kom til kontinentet. Det er registrert feiringar frå aztekarar, mayaer, purépechaer, nahuaer og totonakarar. Teikn tydar på at feiringane har føregått i fleire tusen år. Tidlegare var det vanleg å behalde hovudskallar som trofe og syne dei fram under ritual som symboliserte døden og atterfødinga.

Før den spanske erobringa blei feiringa utført i juni og juli. Etter at katolisismen fekk innpass, blei feiringa flytta til oktober/november slik at ho passa saman med allesjelersdag.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «De dødes dag» frå , den 24. september 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Meksikansk kultur Kategori:Dødsskikkar Kategori:Immateriell kulturarv i Mexico Kategori:Representativ liste over den immaterielle kulturarven til menneskja