Johan Thorbjørnsen () i Bergen er ein norsk fotballspelar. Han spelar for Løv-Ham, der han er målvakt. Han har i yngre år spelt for Nymark og Årstad, og var utlånt til Hovding i 2003.
Thorbjørnsen debuterte i eliteserien i 1. serierunde i 2005-sesongen for ein skada førstemålvakt Håkon Opdal.
I 2002 blei han noregsmeister for juniorar då Brann vann 3-2 mot Bodø/Glimt i finalen på Aspmyra stadion. Han sat på benken då Brann vann cupen i 2004, men fordi han ikkje hadde vore innpå i nokon av kampane fekk han ikkje kongepokalen. Han var Brann sitt andreval i mål frå sommaren same år, då Ivar Rønningen blei seld til Rosenborg. Etter 2009-sesongen forlet han Brann og gjekk til 1. divisjonsklubben Løv-Ham, der han vart førstekeeper.
Fotnotar
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Fotballspelarar frå Bergen Kategori:Brann-spelarar