Solveig Vitanza, fødd Østby, () er ein norsk politikar frå Halden.
Vitanza er utdanna ved Universitetet i Oslo, og har mellom anna vore tilsett ved Høgskolen i Østfold. Ho var 2019-23 medlem i kommunestyret i Halden. Gjennom stortingsvalet 2021 vart ho vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet og Østfold. Då den valde representanten Jon-Ivar Nygård i oktober 2021 vart statsråd, rykte ho inn på Stortinget og møter fast. Ho er medlem i Næringskomitéen.
Kjelder stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Halden