Narges Mohammadi () er ein iransk menneskerettsaktivist. 6. oktober 2023 vart ho kunngjord som vinnar av Nobels fredspris i 2023, for kampen sin mot undertrykking av kvinner i Iran og si rolle for menneskerettar og fridom for alle.

Bakgrunn Mohammadi vart fødd i Zanjan i Iran, og vaks opp i byane Qorveh, Karaj og Oshnavia. Ho er utdanna fysikar frå Imam Khomeini International University, og jobba som ingeniør i Teheran fram til ho vart sparka på politisk grunnlag i 2010. I mange år har ho kjempa mot fengsling av politiske fangar utan rettargang, og for rettane til kvinner i Iran, og har vorte dømt til fengselsstraff og reiseforbod for dette. Mohammadi er aktiv i Defenders of Human Rights Center i Iran, og i Iran National Peace Council. Ho vart arrestert i september 2011, og dømt til fengsel i 11 år for propaganda mot staten. Per oktober 2023 har ho vorte fengsla 13 gongar, og dømt 5 gongar. Til saman er ho dømt til 31 år i fengsel og 154 piskeslag. Per oktober 2023 sitt ho i Evin-fengselet, som vert rekna som det mest berykta fengselet i Iran.

Mohammadi er gift med journalisten Taghi Rahmadi, som òg er menneskerettsaktivist, og per 2023 bur i eksil i Frankrike. Dei har to born saman, som bur med faren sin i Frankrike.

Prisar og utmerkingar Mohammadi vart tildelt Per Anger-prisen i 2011. I 2023 vart ho tildelt Olof Palme-prisen og Nobels fredspris.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Iranske journalistar Kategori:Iranske aktivistar Kategori:Iranske nobelprisvinnarar Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris