John Wyndham Parkes Lucas Beynon Harris () var ein britisk science fiction-forfattar som hovudsakleg var kjend under namnet John Wyndham. Tidleg i den skrivande karrieren sin brukte han forskjellige namnekombinasjonar, som John Beynon og Lucas Parkes. Boka The Outward Urge blei gitt ut med to namn: John Wyndham og Lucas Parkes, som om han var to forfattarar i samarbeid.
Liv og virke Etter skuletida (1921), studerte Wyndham landbruk. Han ombestemte seg og ville studera ved University of Oxford, med økonomisk støtte frå familien. I 1925 bestemte han seg for å skriva etter å ha prøvd seg i ulike rolle, som bonde, med juss og med reklame. På 1930-talet skreiv han jamleg for amerikanske tidsskrift, såvel krim som science fiction.
Broren hadde gjort suksess med fire bokutgjevingar, noko som inspirerte Wyndham til å legga om stilen til boka The Day of the Triffids. Denne slo svært godt an og etablerte Wyndham som eksponent for science fiction i England. Boka kom òg på norsk, og blei sendt som høyrespel i NRK.I trifidenes dager, NRK, første gang sendt 1969
Etter eit 20 årig kjennskap, gifta han seg med Grace Wilson i 1963. Han flytta då ut frå den litterære klubben sin og kjøpte eit hus nær Petersfield i Hampshire i nærleiken av den gamle kostskulen sin Bedales School.
Hovudverk
The Day of the Triffids The Kraken Wakes, utgitt i USA som Out of the Deeps. The Chrysalids, utgitt i USA som Re-Birth. Blei høyrespel i BBC Radio 4 tidleg i 1980-åra. The Midwich Cuckoos, to filmatisert to gonger som Village of the Damned. Trouble with Lichen Chocky, grunnlag for ein TV-serie for Thames Television. Web
Bibliografi (utval)
Romanar
Foul Play Suspected (1935) The Secret People (1935) Planet Plane (også kjent som Stowaway to Mars, 1936) The Day of the Triffids, norsk tittel I trifidenes dager (Gyldendal Norsk Forlag 1955) The Kraken Wakes (også kjent som Out of the Deeps, 1953), norsk tittel Invasjon fra dypet (Fredhøis Forlag 1969) ISBN 82-04-00273-4 The Chrysalids (også kjent som Re-Birth, 1955) The Midwich Cuckoos (1957) The Outward Urge (1959) Trouble with Lichen (1960) Chocky (1968, gjort om til en fjernsynsserie for barn på ITV i 1985)
Posthum roman
Web (1979), gitt ut av bustyret
Novellesamlinger
Jizzle (1954) The Seeds of Time (1956) Tales of Gooseflesh and Laughter (1956) Consider Her Ways and Others (1961) The Infinite Moment (1961)
Posthume samlingar
Sleepers of Mars (1973) The Best of John Wyndham (1973) Wanderers of Time (1973) Exiles on Asperus (1979) No Place like Earth (2003)
Høyrespel
Revolt of the Triffids (1951), norsk tittel I trifidenes dagar (NRK Lydbokforlaget 1999) ISBN 9788242108531
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Wyndham» frå , den 15. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
The John Wyndham Archive, Universitetet i Liverpool. «John Wyndham», The Guardian Priest, Christopher: Portrait of Wyndham and Wells, UK: Tiscali
Kategori:Folk frå Birmingham Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Psevdonym