mini|Kartskisse over land som har signert konvensjonane av 1951 og tilleggsprotokoll av 1967 FlyktningkonvensjonenFN-sambandet. Flyktningkonvensjonen. Besøkt 19. november 2018., i norsk lovverk kalla Konvensjon om flyktningers stilling, er ein konvensjon som blei utarbeidd av Dei sameinte nasjonane (SN) i kjølvatnet av andre verdskrigen for å sikra at alle flyktningar får dei universelle menneskerettane som er formulerte i Menneskerettserklæringa frå 1948.
Konvensjonen blei vedtatt av generalforsamlinga i SN den 28. juli 1951, og kom i kraft 22. april 1954, etter at han var ratifisert av 35 statar. Den opphavlege konvensjonen tok berre for seg europearar som hadde flykta før 1951, i praksis folk som hadde flykta som følgje andre verdskrigen. Ein tilleggsprotokoll til flyktningkonvensjonen vedtatt i 1967 gjorde reglane i konvensjonen gjeldande for alle, uansett kva tid dei flykta og kva stad dei flykta frå.
Flyktningkonvensjonen definerer i artikkel 1 a kven som blir rekna som flyktning og gir alle flyktningar rett til å søka vern mot forfølging. Den enkelte staten bestemmer kven som blir omfatta av vilkåra, og dette kan ha ulik tolking i dei enkelte statane.
Non refoulement-prinsippet i artikkel 33 er mest sentralt i vernet og er forbodet mot å returnera flyktningar til heimlandet eller til eit anna utrygt område. Flyktningkonvensjonen gjev òg nokre viktige rettar for flyktningar som rett til arbeid, utdanning, rett til å organisera seg og tilgang til domstolane i landet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Flyktningkonvensjonen» frå , den 16. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
SN sin høgkommissær for flyktningar (UNCHR) Konvensjon om flyktningers stilling ved lovdata.no
Kategori:Dei sameinte nasjonane Kategori:Flyktningar Kategori:Internasjonale avtalar