Kvitkragefrøetar (Sporophila morelleti) er ein liten medlem i den biologiske slekta Sporophila i tanagarfamilien. Dette er den mest nordlege arten i slekta, han lever frå ekstremt sørlege Texas gjennom Mexico og Mellom-Amerika til vestlegaste Panama.

Taksonomi mini|venstre|Kvitkragefrøetar, S. morelleti i Guatemala. Fram til 2018 var dette taksonet kjent som S. t. morelleti-gruppa innanfor arten kvithalsfrøetar (S. torqueola), men blei skilt ut som sjølvstendig art og fekk namnet «Morelet's Seedeater» på engelsk. Grunngjevinga var ei oppdaging av at desse to artane er djupt ulike frå kvarandre genetisk, ikkje kan få avkom saman og ikkje eingong er kvarandres næraste slektningar innanfor slekta. Kvitkragefrøetaren har underartane morelleti, sharpei og mutanda.

Skildring Dette er ein liten til mellomstor frøetar, ca. 11 centimeter i kroppslengd. Felles for alle underartane er at hannar har kvit strupe og kvit krage som går opp mot nakken, svart hovud og kinn. Det er skildra tre underartar, morelleti, sharpei og mutanda. Hannar av nominatforma har kvit underside og overgump. Andre underartar har svak kanelraud farge på undersida. Hoa sin fjørdrakt er brungul med tydelege kvite flekker på vengene.

Utbreiingsområdet er frå eit lite område langs Rio Grande, Texas i USA sør gjennom austlege Mexico og Mellom-Amerika til Panama. Kvitkragefrøetaren lever hovudsakleg i tropiske og subtropiske grassletter, savannar og buskmarker, men kan også finnast på beitemarker, dyrkbar mark og sterkt øydelagde tidlegare skogar. Dei kan hekke frå havnivået og opp til 1500 moh. Kvitkragefrøetarar et mest grasfrø, og nokon gonger insekt og bær. Dei søkjer ofte etter urteaktige plantar, meir sjeldan på bakken.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere høg og stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Morelet's Seedeater» frå , den 17. oktober 2023

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:tanagarfamilien