Per Skou () var ein norsk fotballspelar og idrettsleiar frå Skien, president i Norges Fotballforbund frå 1929 til 1933. Han vart noregsmeister med Ski- og fotballklubben Lyn i 1911 og med Odds Ballklubb i 1913 og 1915. Skou var venstreback, ein spelar kjent som ein «hardtspillende, taklingssterk og pasningssikker back med god plasseringsevne». Skou var tilsett i papirprodusenten Union i lang tid, mellom anna som revisjonssjef.
Karriere Landslagsspel Skou debuterte i landskampen mot Sverige i Stockholm 17. september 1911, Noregs tredje landskamp i fotball. Han deltok i OL-turneringa i 1912 i Stockholm og var med då Noreg i juni 1918 vann 3–1 over Danmark, landslaget sin fyrste siger. 1919-sesongen spelte han alle fire kampane då Noreg vart uformell skandinavisk meister gjennom to triumfar mot Sverige og siger over Danmark på heimebane. Under Sommar-OL 1920 i Antwerpen spelte han to av tre kampar, mellom dei då det norske landslaget slo England, ein av favorittane i turneringa. Dagbladet 30. august 1920 Skou sin 41. og siste landskamp kom i Oslo 16. september 1923. I 23 av desse kampane danna han backpar med Otto Aulie.
Klubbspel Skou var Odd-spelar i 1910. Laget tok seg til cupfinalen, ein finale som enda med tap mot oslolaget Lyn. Året etter budde han i hovudstaden og spelte på backplass då Lyn-laget forsvarte NM-tittelen. Deretter var han med på Odd sine to NM-triumfar i 1913 og 1915, to finalekampar som begge enda med siger 2–1 til laget frå Skien. Frå 1917? til 1923 var Skou atter Lyn-spelar. Han fekk med seg NM-finalen 1923, ein kamp Lyn tapte mot SK Brann.
Merittar Noregsmeister: 1911 med Lyn Noregsmeister: 1913 og 1915 med Odd Cupfinalist: 1923 med Lyn
Idrettsleiar Skou var president i Norges Fotballforbund frå 1929 til 1933. I 1934 var han den fyrste som vart utnemnt til heidersmedlem i fotballforbundet.
Kjelder
Store norske leksikon
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Lyn-spelarar Kategori:Odd Grenland-spelarar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Folk frå Skien