Aud Schønemann, eigentleg Aud Pande-Rolfsen, () var ein populær norsk skodespelar.
Foreldra hennar var skodespelarane August Schønemann (1891–1925) og Dagmar Kristensen (1901–1987). Ho var gift med no avlidne Jan Pande-Rolfsen.
Schønemann debuterte tidleg i norsk sceneliv, men er mest kjend for rollene som Valborg i filmane om Olsenbanden og som «Modern» til Fleksnes. I seinare år spelte ho mellom anna i Fredrikssons fabrikk, saman med mellom andre Elsa Lystad og Anne Marie Ottersen.
Schønemann vann Amandaprisen sin heiderspris i 1997. Ein statue av Schønemann i ei av sine roller, laga av skulptøren Nina Sundbye, står framfor hovudinngangen til Oslo Nye Teater, avduka av ordføraren i Oslo, Fabian Stang, 21. oktober 2010.
Filmografi
1999 – Olsenbandens siste stikk – Valborg 1998 – Nr. 13 – Fru Skau 1994 – Fredrikssons fabrikk – The Movie - Margit 1984 – ...men Olsenbanden var ikke død! – Valborg 1982 – Olsenbandens aller siste kupp – Valborg 1981 – Olsenbanden gir seg aldri! – Valborg 1979 – Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder – Valborg 1979 – Olsenbanden + Data Harry sprenger verdensbanken – Valborg 1978 – Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet – Valborg 1976 – Olsenbanden for full musikk – Valborg 1976 – Bør Børson II – Sorenskriverfruen 1975 – Olsenbandens siste bedrifter – Valborg 1975 – Olsenbanden møter Kongen & Knekten – Valborg 1974 – Den siste Fleksnes – Modern 1973 – Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokkkkkk – Valborg 1972 – Fleksnes Fataliteter – Modern 1972 – Olsenbanden tar gull – Valborg 1971 – Norske byggeklosser – Bankopplysningsdame 1970 – Olsenbanden og Dynamitt-Harry – Valborg 1970 – Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe... – Lilly Hansen 1969 – Olsenbanden – Valborg 1966 – Hurra for Andersens – Hildur Sofie f. Evensen 1963 – Elskere 1961 – Sønner av Norge – Drabantbyborger
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:St. Hallvard-medaljen Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Folk frå Oslo