Byen e’ Bergen er ein song komponert av Ove Thue i samband med cupfinalen 1976, der Brann forresten møtte Sogndal og vann 2–1. I dag er han ein av dei best kjente supportersongane i Noreg, og blir alltid sungen på kampane til Brann. Når songen blir sungen på kampane er det som oftast berre refrenget som blir sunge.
Refrenget og den mest sungne delen av songen går som følgjer:
Byen e’ Bergen og laget e’ Brann, stedet e’ stadion’ og syng alle mann! Heia Brann, Brann, Brann, Brann, Brann Heia Brann!
Annan bruk Kjenningsmelodien som angir neste stopp for Bybanen når han kjem Brann stadion er dei fire siste tonane frå Byen e' Bergen. Uttrykket «Byen e' Bergen» blir ofte brukt for å uttrykkja stoltheit og lojalitet til byen og som ei påminning om den sterke kulturelle identiteten og samhaldet i Bergen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Byen e’ Bergen» frå , den 26. oktober 2023.
Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Sportsklubben Brann Kategori:Fotballsongar Kategori:Kultur i Bergen