mini|Mosaikk av Tykhon, personifikasjonen av hell og lukke i gresk mytologi. Tykhon blei omtalt som ein daimon agathos, det vil seia ei «god ånd». Tykhon held spidd i hendene og har forstørra kjønnsorgan som teikn på medgang og lykke. Flaks, hell og tur er utfall over forventning som følgje av hendingsgang ein ikkje har påverka sjølv. Eit nærskyldt omgrep er ordet «lykketreff».

Omgrepet og fenomenet kan forklarast og skildrast ut frå fleire synsvinklar. Ein rasjonell betraktningsmåte handlar om statistikk, sannsyn og tilfelle. Ein kan òg forstå fenomenet ved hjelp av psykologi, til dømes at ein kan oppleva positive hendingar og utfall utanfor ein sjølv som personleg hell. Eit kjent psykologisk fenomen knytt til flaks er «hell i uhellet». Trua på flaks speler òg ei viktig rolle i folketru og overtru. Ein religiøs betraktningsmåte kan handla om skjebne og karma og at «ein haustar som ein sår», altså at nokon faktisk er heldigare enn andre og at dei har fortent å lykkast. Ein annan overnaturleg innfallsvinkel til fenomenet er at ein kan påverka sitt eige hell og lykke gjennom spirituelle metodar eller ved å utføra bestemte ritual.

Motstykke Som motstykke til «flaks» har ein omgrepet «uflaks». Ein kan òg nytta adjektivet «uheldig» om fråværet av flaks, men substantivet «uhell» er ikkje eit motstykke til «flaks».

Sjå òg

Flax Fortuna Lykke Lukkebringar Sannsyn Skjebne Tilfelle Uflaks

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Flaks» frå , den 30. oktober 2023.

Kategori:Kausalitet Kategori:Overtru Kategori:Psykologi