Jordyn Marie Wieber () er ein USA-amerikansk tidlegare turnar. Ho vart verdsmeister i mangekamp under Turn-VM 2011. I den same meisterskapen og i Sommar-OL 2012 vann ho gullmedalje i lagtevlinga for USA.

Wieber deltok i alle fire øvingane då USA sitt mannskap gjekk til topps i lagtevlinga under Turn-VM 2011 i Tokyo. To dagar seinare gjekk ho heilt til topps i den individuelle mangekampen, med knapp margin til Viktorija Komova frå Russland. Wieber var kvalifisert til tre av apparatfinalane, enda opp med bronse i bom. Eitt år seinare vann ho gull i lagtevlinga ved dei olympiske leikane i London, ei tevling der ho var med i tre av dei fire øvingane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jordyn Wieber» frå , den 16. november 2023.

Kategori:USA-amerikanske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2012