Møre og Romsdal fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar i aust og nordaust til Trøndelag fylke, i søraust til Innlandet fylke, i sør til Vestland fylke og i nordvest ut mot norskehavet.
Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.
Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis.
Klima Vêrlaget i Møre og Romsdal er påverka av havet i nordvest og av høge fjell som skjermar mot sør og aust. Ved kysten blæs det som regel frå ei retning mellom søraust og sørvest om vinteren. Innom fjordane kjem det ofte frålandsvind som vert dirigert av terrenget. Sommarstid blæs det til vanleg frå nordaust ved kysten, oftast i varme periodar med solgangsvind, medan det i dal- og fjordstrøka ofte blæs nordvestleg vind. Ferdande lågtrykk gir kuling, innimellom storm, oftast frå ei retning mellom sørvest og nordvest.
Langs kysten er februar vanlegvis kaldaste månad med middeltemperatur på kring 2 °C. I fjordane er snittet på litt under 0 °C og i indre strøk ned i kring –5 °C. Ved kysten er august varmaste sommarmånad med ein gjennomsnittstemperatur på kring 14 °C, medan det i dalstrøka er juli med eit snitt på kring 15 °C. Høgaste målte temperaturar i fylket er over 25 °C ved kysten, og over 30 °C i dal- og fjordstrøka. Særmerkt for Møre og Romsdal er fønvind med høge temperaturar når søraustlege luftstraumar slår ned frå fjellet. Under slike tilhøve har det i februar vore registrert temperaturar på opptil 19 °C.
Årleg nedbør i fylket generelt varierer innanfor 1000- 2000 mm. Langs kysten og fylkesgrensa i aust har ein derimot nokre mindre soner med lågare middelnedbør med årlege verdiar på kring 750 og 1000 mm. Mesteparten av nedbøren kjem om hausten, ofte som byer i luftstraumar frå mellom nord og vest. Det vert havtåke ved kysten, oftast i sommarhalvåret, medan det er mindre tåke i indre strøk.
Samferdsle Landskapet i Møre og Romsdal er ovleg oppskore, der fjordar, sund og fleire øyar har gjort samferdsla vanskeleg. Fylket har likevel eit nokså tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 6322 km med offentlege vegar. Vegane vert bundne saman av eit utstrekt ferjenett. På Sunnmøre er det samband mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med me.a. Ålesund lufthamn på Vigra, kalla Vigrasambandet, og Eiksundsambandet som knyter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. På Nordmøre er Kristiansund knytt til fastlandet gjennom sambandet Krifast.
Frå Ålesund går E 136 om Åndalsnes til Dombås og E 6. Frå Molde er det vegsamband om Sunndalsøra til Oppdal og til E 6 frå Rv. 62 og Rv. 70. Kristiansund har samband om Sunndalsøra til Oppdal frå Rv. 70 og via ferje over Halsafjorden til Trondheim frå Rv. 70. E 39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og knyter til Bergen i sør og Trondheim i nordaust. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dei tre største byane har flyplass, Ålesund lufthamn på Vigra, Molde lufthamn på Årø og Kristiansund lufthamn på Kvernberget. På Hovden mellom tettstadene Ørsta og Volda ligg småflyplassen Ørsta/Volda lufthamn. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved dei tre byane og Torvika i Herøy.
Media frå Møre og Romsdal Dei tre største dagsavisene i Møre og Romsdal er Sunnmørsposten i Ålesund, Romsdals Budstikke i Molde og Tidens Krav i Kristiansund. I tillegg har fylket 16 lokalaviser som kjem ut ein til tre gonger i veka. På Sunnmøre kjem 12 lokalaviser ut i tettstadene Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. 2 lokalaviser kjem ut i Romsdal i Åndalsnes og Vestnes, og 2 på Nordmøre i Sunndal og Smøla. NRK Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.
Administrasjon mini|Skulekart frå 1950-talet. Foto: Kultudatabase Møre & Romsdal. Molde er administrerande senter med sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Møre og Romsdal er samansett av 36 kommunar. Fylket utgjer Møre bispedømme som har 7 prosti og 40 prestegjeld. Det omfattar òg 4 tingrettsdistrikt og 2 politidistrikt med 25 lensmannsdistrikt.
Etter fylkestingsvalet hausten 2023 vart Anders Riise frå Høgre vald til fylkesordførar i Møre og Romsdal.
Statsforvaltar sidan 2021 er Else-May Norderhus.
Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.
Kommunar Folketala i oversynet under er frå SSB per . Nr.NamnAdm.senterFolkemengdFlatevidd (km²)MålformDistrikt150520px|Kristiansund kommune KristiansundKristiansund87nøytralNordmøre150620px|Molde kommune MoldeMolde363Romsdal150820px|Ålesund kommune ÅlesundÅlesund98nynorskSunnmøre151120px|Vanylven kommune VanylvenFiskåbygd385151420px|Sande kommune SandeLarsnes93151520px|Herøy kommune HerøyFosnavåg120151620px|Ulstein kommune UlsteinUlsteinvik97151720px|Hareid kommune HareidHareid82152020px|Ørsta kommune ØrstaØrsta805152520px|Stranda kommune StrandaStranda866152820px|Sykkylven kommune SykkylvenSykkylven338153120px|Sula kommune SulaLangevåg59153220px|Giske kommune GiskeValderøya40153520px|Vestnes kommune VestnesVestnes352Romsdal153920px|Rauma kommune RaumaÅndalsnesnøytral154720px|Aukra kommune AukraAukra59nynorsk155420px|Averøy kommune AverøyBruhagen176nøytralNordmøre155720px|Gjemnes kommune GjemnesBatnfjordsøra382156020px|Tingvoll kommune TingvollTingvoll337156320px|Sunndal kommune SunndalSunndalsøra156620px|Surnadal kommune SurnadalSkeinynorsk157320px|Smøla kommune SmølaHopen282nøytral157620px|Aure kommune AureAure sentrum644157720px|Volda kommune VoldaVolda699nynorskSunnmøre157820px|Fjord kommune FjordSylte1144157920px|Hustadvika kommune HustadvikaElnesvågen608nøytralRomsdal158020px|Haram kommune HaramBrattvåg261nynorskSunnmøre1520px Møre og RomsdalMoldenynorskMøre ogRomsdal
Kjelder
SNL - Møre og Romdal SNL - Møre og Romsdal – klima Om Møre og Romsdal - Møre og Romsdal fylkeskommune
Bakgrunnsstoff Møre og Romsdal fylkeskommune NRK Møre og Romsdal Kulturnett Møre og Romsdal Ungdomspanelet i Møre og Romsdal
Kategori:Fylke i Noreg