Axel Thue () var ein norsk matematikar, som framfor alt er kjend for bidraga sine innanfor kombinatorikk.
Han tok hovudfag i 1889 og i 1903 vart han professor i anvendt matematikk ved Universitetet i Oslo. Arbeida til Thue var utprega originale, og særleg viktige er resultata hans om rasjonale tilnærmingar til algebraiske tal, mellom anna den thueske satsen, som seiar at visse ubestemte likningar i to variable berre kan ha ei endeleg mengd heiltalsløysingar. Andre arbeid han gjorde har seinare vorte viktig i samband med matematisk logikk.
Sjå òg Semi-Thue-system Thue-system
Biografi (utdrag)
Thue, A 1906: Über unendliche Zeichenreihen, Kra. Vidensk. Selsk. Skrifter. I Mat.-Nat.Kl., Christiana, Nr. 7, 1906. Thue, A Über die gegenseitige Lage gleicher Teile gewisser Zeichenreihen, Kra. Vidensk. Selsk. Skrifter. I Mat.-Nat.Kl., Christiana, Nr. 12, 1912.
Kjelder
Tysk og engelsk wikipedia O'Connor, John J., and Edmund F. Robertson. «Axel Thue». MacTutor History of Mathematics archive.
Kategori:Norske matematikarar Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Norske matematikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Talteoretikarar Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet