«Främling» (norsk omsetjing 'framand') er ein svensk -popsong frå 1983 som er komponert av , med tekst av Monica Forsberg. Songen blei framført av Carola Häggkvist i svenske Melodifestivalen 1983, der han vann ein klår siger. Songen blei dimed det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 1983 i München, der han enda på ein tredjeplass. Singelen «Främling» blei seinare gjeven ut i heile Europa, og blei gjennombrotslåten for Carola. Det hennar selde i ein million eksemplar i Skandinavia.
Bakgrunn «Främling» var ein av ti deltakerlåtar i den svenske Melodifestivalen i Malmö 27. februar 1983, og han blei framført av 16 år gamle Carola Häggkvist. I tevlinga fekk ho toppoeng av samtlege juryar, noko som aldri hadde skjedd før i historia til Melodifestivalen. Undervegs i avrøystinga heldt Carola på Bibelen og utbraut: «Eg takkar Gud!» då sigeren var eit faktum.
Med sigeren i Melodifestivalen blei «Främling» det svenske bidraget i den internasjonale finalen i München 23. april same året. I Eurovision Song Contest var Sverige det fjerde bidraget på scena av 20 bidrag. Trass i at mikrofonen til Carola ikkje fungerte heilt i starten, overbeviste ho jurygruppene og enda på ein tredjeplass. Til saman fekk songen 126 poeng – inkludert 12 poeng frå Noreg og Tyskland.
Svenskane hadde på førehand store forventningar til «Främling»; den internasjonale finalen blei følgd av 6,1 millionar svenske tv-sjåarar, tilsvarande 84 prosent av befolkninga i landet. Dette er framleis rekord i Sverige.Gylleneskor.se. Carola vi älskar dig – Heja Sverige!. Henta 29. februar 2008. Arkivert versjon.
Gjennombrotet til Carola For Carola blei «Främling» det store musikalske gjennombrotet hennar. Songen blei ein stor suksess i Skandinavia, og han toppa VG-lista i Norge. Dette var den fyrste svenskspråklege låten til å toppe VG-lista sidan «» av Ann-Louise Hanson i 1972.
Det påfølgjande albumet selde i 1 million eksemplar i Skandinavia, og er framleis det mest selde albumet i Sverige gjennom tidane. Også i Noreg selde albumet bra og låg på VG-lista i over eit halvt år.
Listeplasseringar Liste (1983)HøgasteplasseringVersjon Belgia, Flandern (Ultratop)7«Love Isn't Love» Nederland (Singles Top 100)4«Je ogen hebben geen geheimen» Noreg (VG-lista)1«Främling» Sverige (Sverigetopplistan)5«Främling» Tyskland (Deutsche offizielle charts)68«Love Isn't Love»
Andre versjonar Carola spelte inn låten på fleire språk: Svensk – «Främling» Engelsk – «Love Isn't Love» Tysk – «Fremder» Nederlandsk – «Je ogen hebben geen geheimen»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Främling» frå , den 15. desember 2023.
Kategori:Carola Häggkvist-songar Kategori:Melodifestival-vinnarsongar Kategori:Svenskspråklege Melodifestivalen-songar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1983-songar Kategori:Svenskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Songar skrivne av Lasse Holm Kategori:Songar skrivne av Monica Forsberg