Rebeca Rodrigues de Andrade () er ein brasiliansk turnar frå Guarolhos. Ho vart i 2021 olympisk meister i hoppøvinga og i 2022 verdmeister i mangekamp.
Andrade vann gullmedaljen i hoppøvinga både under dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021, i verdsmeisterskapen i Kitakyushu hausten 2021 og i verdsmeisterskapen 2023 i Antwerpen. I Tokyo-OL la ho også beslag på sølvplassen i mangekampen. Under Turn-VM 2022 i Liverpool gjekk ho heilt til topps i mangekampen, og ho fekk ein bronsemedalje i frittståande. I Turn-VM 2023 kom ho på andreplass i mangekampen, nett som i Tokyo vart ho klart overgått av Simone Biles frå USA. Frå apparatfinalane fekk Andrade med seg gull i hopp, sølv i frittståande og bronse i bom, og i tillegg sikra ho Brasil sølv i lagtevlinga.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rebeca Andrade» frå , den 20. desember 2023.
Kategori:Brasilianske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Brasil Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Brasil Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Brasil Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2024