William Stuart Adamson () var ein britisk gitarist, pianist, songar og låtskrivar. Musikkarrieren hans byrja i 1977 med pønkbandet Skids, men hadde den største suksessen sin med rockegruppa Big Country på 1980-talet.

Adamson var fødd i Manchester i England, men voks opp utanfor Dunfermline i Skottland. Allereie som tenåring hadde han depresjonsperiodar, då han oftast heldt seg unna folk. Dette følgde han gjennom heile livet, ofte i samband med alkohol. I lange periodar var han sporlaust forsvunnen under depresjonane sine, og den siste forsvinninga hans fann stad i november 2001. Politiet fann han død på eit hotellrom 16. desember 2001, med spor av alkohol i blodet. Den offisielle forklaringa på dødsfallet blei at han utførte sjølvmord gjennom henging.Jeevan Vasagar, Big Country's Stuart Adamson dead in hotel, The Guardian, 17 December 2001.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stuart Adamson» frå , den 22. desember 2023.

Kategori:Musikarar døde av sjølvmord Kategori:Folk frå Manchester Kategori:Britiske låtskrivarar Kategori:Britiske songarar Kategori:Britiske pianistar Kategori:Britiske gitaristar