James Shand MBE () var ein skotsk musikar som spelte tradisjonell skotsk dansemusikk på trekkspel. Han var kjend for signatursongen «The Bluebell Polka».

Liv og karriere James Shand var fødd i East Wemyss i Fife som son av ein pløyemann som blei kolgruvearbeidar. Han var ein av ni born. Familien flytta snart til Auchtermuchty. Denne byen har no ein stor statue av Shand. Far hans var ein dyktig melodeon-spelar. Jimmy byrja spela munnspel, og byrja så å spela fele. Som 14-åring måtte han forlata skulen og byrja arbeida i gruva. Han spelte på sosiale tilstellingar og i tevlingar. Begeirstinga hans for motorsyklar blei til ein fordel då han kunne spela ved arrangement i heile Fife. I 1926 spelte han ved ein støttekonsert for streikande gruvararbeidarar, og etter dette fekk han ikkje arbeid i gruver meir. Ein dag var Shand og ein ven i Dundee og såg instrument i ein musikkbutikk. Shand gjekk inn og prøvespelte eit trekkspel. Eigaren, Charles Forbes, høyrde Shand spela og tilbaud han ein jobb som omreisande seljar og kredittinnkrevjar. Han kjøpte seg snart ein varebil, og køyrde rundtom i Nord-Skotland. Han gjekk over til britisk kromatisk knappetrekkspel, eit instrument han heldt seg til resten av livet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jimmy Shand» frå , den 29. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Knights Bachelor Kategori:Skotske musikarar Kategori:Britiske trekkspelspelarar