León er den nest største byen i Nicaragua, etter hovudstaden Managua. Bykjernen har rundt 160 000 innbyggjarar, medan kommunen León hadde eit estimert innbyggjartal på i 2022.Citypopulation.de León har eit universitet og ei stor domkyrkje i kolonial barokkstil.
Byen ligg ved Chiquito-elva, kring 90 kilometer nordvest for Managua og kring 18 km aust for stillehavskysten.
Historie León blei grunnlagd i 1524 ved Managuasjøen. I 1610, etter å ha blitt råka av ei jordskjelv, blei byen flytta vestover, til staden dei opphavlege innbyggjarane hadde hatt hovudstad. León var hovudstad i den spanske koloniprovinsen og seinare i republikken Nicaragua fram til 1855, Under borgarkrigen i 1978-79 var det harde kampar i byen.
Bilete
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «León, Nicaragua» frå , den 5. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nicaragua