Samuel Honrubia () er ein fransk handballspelar frå Béziers. Perioden 2011-15 vann han to VM-gull, OL-gull og EM-gull med Frankrike sitt landslag i handball. Åra frå 2005 til 2016 vart han fransk seriemeister heile ti gongar, flest for Montpellier HB. Han spelar venstrekant, sidan 2021 aktiv for toppserie-laget Istres.

Landslagsspel Honrubia fekk sin landslagsdebut i 2009 og var med i mannskapa som gjekk til topps i Handball-VM 2011 i Sverige og som vann gull under Sommar-OL 2012 i London. I 2014 var han med å slå arrangørlandet Danmark i EM-finalen, året var han med om det same då Frankrike vann over arrangørlandet Qatar i VM-finalen. Fram til 2017 deltok han i 87 landskampar og skåra 194 mål.

Klubbspel Honrubia spelte på Montpellier frå 2004 til 2012. I desse åra var han med på å vinne den franske toppserien sju gongar og den nasjonale cupfinalen seks gongar. Deretter gjorde han i tida 2012–16 teneste i Paris Saint-Germain. Med laget frå den franske hovudstaden vart han tre gongar seriemeister og to gongar cupmeister. Sidan var han aktiv i fire ulike franske handball-lag.

Merittar OL-gull: 2012 med Frankrike VM gull: 2011, 2015 med Frankrike EM-gull: 2014 med Frankrike Fransk seriemeister: 2005, 2006, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012 for Montpellier, 2013, 2015, 2016 for PSG Fransk cupmeister: 2005, 2006, 2008, 2009, 2010, 2012 for Montpeller, 2014, 2015 for PSG

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Samuel Honrubia» frå , den 11. januar 2024.

Kategori:Franske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar