Kentin Mahé () er ein fransk handballspelar frå Paris. Han har vunne to gullmedaljar, sølv og bronse i verdsmeisterskap, gull- og sølvmedalje i olympiske sommarleikar og ein bronsemedalje i europameisterskap. Han er spelstyrar, kan også spele venstrekant.

Karriere Landslagsspel Mahé debuterte på Frankrike sitt landslag mot Tunisia 28. oktober 2010, men fekk ikkje vere med på Frankrike sitt meisterskapslag før enn ved Handball-VM 2015. Etter siger i den meisterskapen, venta OL-sølv i Rio de Janeiro sommaren 2016. Eit halvt år seinare bidrog han til at Noreg vart slått 33–26 på fransk heimebane under Handball-VM 2017. Deretter vann han bronsemedaljar i EM 2018 og VM 2019. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021 vart han olympisk meister då Frankrike slo Danmark 25–23 i finalen. I VM-finalen 2023 møttest dei same to landa på nytt, der gjekk Mahé og Frankrike på eit sju-måls nederlag.

Klubbspel Åra frå 2008 til 2018 gjorde Mahé etter tur teneste i fire tyske handballag: Rheinland, Gummersbach, HSV Hamburg og Flensburg-Handewitt. Etter å ha vorte tysk meister i 2018, flytta han over til ungarske Veszprém. Her vart han ungarsk seriemeister 2019 og 2023, samt ungarsk cupmeister i tre år på rad. 3. mai 2019 var han lagets toppskårar då Veszprém tapte EHF-meisterliagafinalen for Vardar Skopje.

Merittar OL-gull: 2021 med Frankrike VM gull: 2015, 2017 med Frankrike OL-sølv: 2016 med Frankrike VM-sølv: 2023 med Frankrike EM-bronse: 2018 med Frankrike VM-bronse: 2019 med Frankrike Tysk seriemeister: 2018 for Flensburg-Handewitt Ungarsk seriemeister: 2019 og 2023 for Veszprém Ungarsk cupmeister: 2021, 2022, 2023 for Veszprém

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kentin Mahé» frå , den 13. januar 2024.

Kategori:Franske handballspelarar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Folk frå Paris