Francisco de Orellana (ca. 1500-1550) var ein spansk oppdagingsreisande og conquistador. Orellana er mest kjent for å ei ferd frå Orellanaprovinsen i Ecuador til Atlanterhavet langs Amazonaselva med bielver i 1541-1542. Han er rekna som den som namnsette elvefaret. Før amazonaseksspedisjonen grunnla Orellana byen Guayaquil i det som no er Ecuador. Han var offiser under Gonzalo Pizarro under ekspedisjonen hans gjennom Andesfjella på leit etter El Dorado i 1539–1540. Han døydde under ein andre ekspedisjon i Amazonas.
Frå Ecuador til Atlanteren I ein av dei mest usannsynleg vellykka reisene i kjend historie, klarte Orellana å drive med elvestraumen frå Puerto Francisco de Orellana i Orellanaprovinsen i Ecuador langs bielver til og ned langs sjølve Amazonas til utlaupet i Atlanteren i august 1542. Han og følgjet hans segla langs atlanterhavskysten til dei nådde Cubagua-øya, ved kysten av Venezuela.
I 1541, under ein ekspedisjon leidd av Gonzalo Pizarro på jakt etter «kanellandet», vart Orellana utnemnt til å utforske Coca-elva. På grunn av ulike utfordringar og minkande ressursar, sette Orellana med mannskap nedstraums, inn i Napo og forbi samlaupet mellom Napo og Amazonas. Etter ei strabasiøs reise nådde Orellana og ekspedisjonen hans Atlanterhavet den 24. august 1542. Han vende tilbake til Spania og søkte anerkjenning og styring over landa han hadde oppdaga, kalla Ny-Andalusia.
Namnet «Amazonar» stammar frå ein trefning med krigarkvinner, etter dei mytiske amasonene i greske legender.Levy, Buddy, orellana versus the amazons, excerpts from River of Darkness, 2011, Bantam, Delancy Place review May 18, 2021
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger dels på innleiinga i «Francisco de Orellana» frå , den 3. februar 2024
Bakgrunnsstoff
«Public domain» Kjelde: Francisco de Orellana's Reise nedover Amazonens flod 1540-1541 av Antonio de Herrera etter «Historia General de los Hechos de los Castellanos en el Mar Oseano» Bok IX Madrid 1599
Orellana Orellana