Mary Macmaster () er ein skotsk harpist og songar. Ho spelar keltisk harpe og Camac elektroharpe, og syng på engelsk og gælisk. Ho har arbeidd i lag med Sting, Kathryn Tickell, Norma Waterson, Donald Hay, Poozies, og i duoen Sìleas med Patsy Seddon. I 2013 blei ho og Seddon innførte i Scottish Traditional Music Hall of Fame.
Som tenåring kjøpte Macmaster ei billig harpe som viste seg å ha metallstrengar, slik som den tradisjonelle keltiske harpa. Utan opplæring i denne eldre harpetypen var ho mest sjølvlært i å spela på henne. I 1977 studerte ho på ein sommerskole halden av Clàrsach Society, og tre år seinare blei ho student i keltologi ved Universitetet i Edinburgh. Ho spelte inn eit album som medlem av bandet Sprangeen. I 1985 var ho ferdig med utdanninga, og saman med Patsy Seddon, ein medstudent som òg var medlem av Sprangeen, danna ho harpduoen Sileas. Same året byrja ho å spela på ein av dei fyrste modellane av elektrisk harpe laga av Joël Garnier. Macmaster har vore medlem av folkemusikkgruppa The Poozies sidan 1990, og er den einaste gjenverande grunnleggjaren.
Sidan 2022 har ho vore sceneansvarleg ved Edinburgh International Harp Festival.
Diskografi
Sprangeen - (Springthyme SPR 1013 - 1984) Clan Alba - 1995 Sugar Cane - med Shine - 2001 Bright Shiny Morning - med Norma Waterson - 2000 La Boum! Marionette (samlealbum) - 2005 Cold Blow These Winter Winds - (samlealbum) - 2006 Kathryn Tickell & Ensemble Mystical Songs of Separation - med Songs of Separation - (2016)
Med Sileas
Delighted with Harps (Lapwing, 1986) Beating Harps (Green Linnet Records SIF 1089 - 1987) Harpbreakers (Lapwing Records LAP 127 - 1990) Play on Light (1996)
Med The Poozies
Dansoozies (1993) Chantoozies (1995) Come Raise Your Head (1997) Infinite Blue (1998) Raise Your Head: A Retrospective (2000) Changed Days Same Roots (2003) Yellow Like Sunshine (2009) Into the Well (2015) Punch (2018)
Med Donald Hay
Love and Reason (2009) Hook (2012)
Som gjest
If on a Winter's Night..., Sting (2009)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mary Macmaster» frå , den 7. februar 2024.
Kategori:Musikarar frå Glasgow Kategori:Skotske folkemusikarar Kategori:Harpistar