Ulukbek Asamidinovitsj Maripov () er ein kirgisisk politikar som var statsminister i Kirgisistan frå 3. februar til 5. mai 2021, og som heldt fram som formann for ministerkabinettet etter ei konstitusjonell endring frå 5. mai til 12. oktober 2021.

Biografi Maripov blei fødd 30. august 1979 i landsbyen Kyrgyz-Ata i Osj-regionen i den dåverande kirgisiske sosialistiske sovjetrepublikken. Han er son av Asamuddin Maripov. Han er utdanna innan finans og rettsvitskap og arbeidde i finansdepartementet frå 2001 til 2003. Frå 2003 til 2005 var han rådgjevar for akim (tilsvarande guvernør) i Batken oblast sør i Kirgisistan. Han var konsulent i parlamentet frå 2005 til 2006, og fram til 2010 var han i presidentadministrasjonen. I 2010 var han leiar for avdelinga for internasjonalt samarbeid i beredskapsdepartementet. Frå 2010 arbeidde han ved presidentkontoret, frå 2015 som visesstabsleiar for president Almazbek Atambajev. Frå 2016 til 2021 var han leiar for revisjonsretten. I 2022 var han fullmektig ved den kirgisiske ambassaden i Saudi-Arabia, seinare også i Bahrain og Egypt.

Regjeringssjef thumb|Den russiske statsministeren Mikhail Misjustin og Ulukbek Maripov under eit møte i 2021. Etter parlamentsvalet 4. oktober 2020 samla fleirtalskoalisjonen seg om å føreslå Maripov som statsministerkandidat. Regjeringa hans blei tatt i eid 3. februar 2021. Talet på regjeringsmedlemmar blei redusert frå 22 til 16. Rett etter innsetjinga drog Maripov til møte i Det eurasiske mellomstatlege rådet (EIC) i Almaty der han hadde samtalar med den russiske statsministeren Mikhail Misjustin, den belarusiske statsministeren Raman Halowtsjanka og den armenske statsministeren Nikol Pasjinjan. Etter konflikten med Tadsjikistan i 2021 kunngjorde han at Batken-regionen, der konflikten fann stad, skulle få ein spesiell status.

Formann for ministerkabinettet Den 5. mai 2021 signerte president Sadyr Zjaparov ei ordre som omorganiserte regjeringsmakta og utnemnde Maripov til formann for ministerrådet. Han blei 12. oktober 2021 erstatta av Akylbek Zjaparov som overtok som fungerande formann.

Etter regjeringssjefperioden Frå 25. januar 2022 var Maripov den kirgisiske ambassadøren til Saudi-Arabia. Frå 25. november 2022 er han den kirgisiske ambassadøren til Bahrain og Egypt.

Familie Maripov er bror til Baktybek Maripov som var akim (guvernør) i Nookat-regionen frå november 2020 til han blei avsett i februar 2021.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ulukbek Maripov» frå , den 25. februar 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kirgisiske politikarar Kategori:Statsministrar i Kirgisistan