Chega (stilisert CHEGA!; lit. 'Nok er nok!') er eit nasjonalkonservativt, høgrepopulistisk politisk parti i Portugal, som vart grunnlagt i 2019 av André Ventura. Det vert karakterisert mellom høgre og ytre høgre i det politiske spekteret.

Partiet vart offisielt registert som portugisisk politisk parti av den konstitusjonelle domstolen den 9. april 2019. Den 12. april 2019 kunngjorde partiet at Ventura var den fremste kandidaten på lista deira til Europaparlamentet. Chega var ein del av Basta!-koalisjonen ved Europaparlamentetsvalet i Portugal i 2019. I det portugisiske parlamentsvalet i 2019 vann partiet eitt sete i det portugisisk parlamentet. Ved valet i 2022 fekk partiet 7,2 % av røystene, noko som medførte til at dei fekk 12 sete i parlamentet.

Ideologi Chega reknar seg sjølv som eit parti med nasjonalistiske, konservative og personalistiske røter. Dei fremjar eit effektivt rettssystem og reduseringa av statleg innblanding i økonomien. Partiet presenterer seg som nasjonal- og sosialkonservativ.

Dagsordenen til Chega er sterkt prega av kriminalitetspørsmål, støtte til politiet, og misbruk av pengane til skattebetalarane i form av korrupsjon på toppen, uforholdsmessig mange tilsette i embetsverket på midten og ufortente velferdsmottakarar på botnen.The rise of Chega and the end of Portuguese exceptionalism, London School of Economics (21. januar 2021) https://blogs.lse.ac.uk/europpblog/2021/01/21/the-rise-of-chega-and-the-end-of-portuguese-exceptionalism/Chega "eclipsa" destruição da escola pública e do SNS do seu programa, Diário de Notícias (27. august 2021) https://www.dn.pt/politica/chega-eclipsa-destruicao-da-escola-publica-e-do-sns-do-seu-programa-14065470.html

Partiet yrkjer for å redusera skattesatsen, og meiner det gjeldande skattesystemet er «brutal og aggressiv mot dei som yrkjer og byggjer rikdom, og tek bort halvparten av inntekta deira». Dei forsvarer òg ein reduksjon av både byråkrati og tal av byråkratar, og hevdar det er ein av dei viktigaste grunnene til «portugisisk konkurransedyktig økonomisk tilbakegang».

Partiet støttar livstidsfengsel og kjemisk kastrering. Nokre medlemer støttar òg dødsstraff for forbrytarar som har utført terror eller barnemishandling; i 2020 under ei votering i partiet stemde 44 % for eit slikt framlegg.

Partiet skildrar seg som ein sterk talsmann for den vestleg sivilisasjonen og posisjonerer seg mot islamistisk ekstremisme og føreslår sterkare grensekontroll og ein reduksjon av «masse- og ulovleg innvandring». Dei har dessutan vorte skildra som anti-sigøynarar. Partiet støttar integrasjonstiltak for innvandrar og seier at alle innvandrarar og utlendingar som bur i landet skal «respektera reglane, rituala, vanane og tradisjonane [i Portugal]». Dei ynskjer òg ein nulltoleransepolitikk for ulovleg innvandring og for å deporterera innvandrarar med kriminell bakgrunn eller dei som er økonomisk inaktive. Dei er dessutan òg motstandar av multikulturalisme og praksis av sharia i det portugisiske rettssystemet, men hevdar òg å avvisa framandhat på plattforma si.

Chega sitt synspunkt på Den europeiske unionen har vorte skildra som euroskeptisk. Partiet seier at det støttar dei opphavlege «fire fridomane»-prinsippet om fri flyt av varer, kapital, tenester og folk mellom medlemsland, men argumenterer for eit «Europa av suverene nasjonar foreint av felles gresk-romerske og jødisk-kristne prinsipp» og motset seg innblanding i nasjonale politiske beslutningstakingar i medlemsland av EU. Dei kallar òg Portugal på å forfylgja ein meir uavhengig utlands- og økonomisk politikk frå Brussel og avviser obligatoriske EU-kvotar for migrantar og flyktningar. Dessutan hevdar partiet at Portugal bør forlata EU dersom han freistar å verta ein føderalstat.

Leiing Leiarvalet i Chega i 2020 vart heldt 6. september 2020. Der vart André Ventura attvalt med meir enn 99 % av røystene, utan å møta motstand. Vedtektene til partiet har vorte avvist av den konstitusjonelle domstolen fleire gonger for å ha konsentrert overdriven makt i hendene til Ventura.

Kritiske reaksjonar På grunn av sitt anti-etablissement, anti-innvandrar, anti-islam og populistiske haldningar, har Chega vore mål for mykje klander som understrekar partiet si ekstreme sjon på ulike saker, somme av desse inkluderer negative kommentarar om innvandring og minoritetar, særleg sigøynarar, motstand mot visse aspekt av grunnloven, kritikken deira av dei milde straffene til dei som har gjord seg skuldige i alvorlege lovbrot, og det statlege overforbruket med offentlege tenester.

Som svar på noko av klanderet til den store delen av partiet fordømde partileiar André Ventura skuldingane om rasisme, og hevda at Chega forsvarer like rettar, men at dei «ikkje ynskjer eit land der minoritetar kan tru at dei har fleire rettar enn andre berre for di dei er minoritetar». Den 27. juni 2020 organiserte partiet ein protest med tittelen «Portugal er ikkje rasistisk», der Ventura uttrykte at det ikkje er strukturell rasisme i Portugal, og at den politiske venstresida nyttar rasisme som eit påskot for å forma den politiske agendaen.

Partiet har òg vorte klandra for å ha nytta ein litt modifisert versjon av mottoet til den portugisiske diktatoren António de Oliveira Salazar «Deus, Pátria, Família» (Gud, Faderland, Familie). Partiet har vidare vorte klandra for å ha tilhengjarar av Salazar i partiet sitt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chega (political party)» frå , den 3. mars 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nasjonalkonservative parti Kategori:Politiske parti i Portugal