Else Hagen () var ein norsk biletkunstnar som arbeidde med måleri, grafikk og store relieff i ulike material. Ho verka også som skribent, kåsør og illustratør. Ho er rekna som ein av dei viktigaste norske kvinnelege kunstnarane innanfor modernismen, og er særleg kjend for sine store materialbilete. Desse var som oftast resultat av at ho vann fyrstepris i konkurransar om kunstnarisk utsmykking, og dei finst i norske kyrkjer, universitet og andre offentlege bygningar, blant anna i Stortingsbygningen, der verket hennar Samfund blei avduka i 1966.

Då Hagen vann konkurransen om utsmykking av Nøtterøy realskole i 1950 blei ho den fyrste kvinnelege kunstnaren som fekk eit offentleg utsmykkingsoppdrag i Noreg.

Etter nokre år med lite omtale, blei Hagen, etter år 2020, igjen svært aktuell, blant anna med kollektivutstillinga Modernismens pionerer, vist 2021 i Sørlandets kunstmuseum, og den store vandreutstillinga Else Hagen – Mellom mennesker. Denne utstillinga blir vist i 2024–2025 i følgjande museum: Stavanger Kunstmuseum, Trondheim kunstmuseum, Nasjonalmuseet og Kunstsilo i Kristiansand.

Biografi Else Hagen blei fødd på Eydehavn. Der hadde ho dei fyrste barneåra, med den fire år eldre Claes Gill (1910–1973) som leikekamerat. Foreldra hennar var ingeniøren Sverre E. Hagen (1871–1947) og Sigrid Svendsen (1877–1963). På spørsmål om ho var arveleg belasta med kunstnariske anlegg, svarte Hagen at ho var fjernt i slekt med xylografen «Snipp-Møller», som visstnok også målte, og at faren hennar hadde visse kunstnariske anlegg.Gran (1946)

Dei tidlege barndomsåra på den nyetablerte industristaden Eydehavn fekk avgjerande tyding for den kunstnariske verksemda til Else Hagen seinare i livet. Ho opplevde dei vanskelege åra etter fyrste verdskrigen, og hadde sterke minne om ei tid då fabrikkane stansa opp i eitt og eit halvt år og mange på Eydehavn leid naud. Då ho var åtte år gammal flytta familien frå Eydehavn til Oslo.

Hagen gifta seg i 1938 med målaren, grafikaren og arkitekten Arne E. Holm (1911–2009). Dei fekk to barn saman, arkitekt Pål Didrik Holm (1944–2016) og skodespelaren og songaren Bentine Holm (fødd 1947). Familien budde ei tid i Trondheim, då Arne E. Holm blei professor ved NTH i 1947, men ellers budde og verka ho i Oslo.

Tiåra etter andre verdskrigen er blitt kalla «husmorperioden» i norsk historie. Godt over halvparten av alle vaksne kvinner hadde heimen som sin einaste, eller viktigaste, arbeidsplass. «Husmor var simpelthen definisjonen på en gift kvinne i perioden 1945–1970». Samfunnet var ikkje tilrettelagt for yrkeskvinner, det var få barnehagar, og dei aller fleste blei heiltidshusmødrer når dei fekk det fyrste barnet sitt.

Hagen har i antologien Hvor var kvinnene? (1979) skildra utfordringane med å vere yrkesaktiv kunstnar i tillegg til å vere tobarnsmor og husmor, sjølv om familien hadde hushjelp. Ikkje minst var det vanskeleg å finne ledig tid, «den skapende ledige tiden».

«Tid og erfaring trenger enhver som står overfor en større dekorativ oppgave, i tillegg utholdenhet – dessuten en stor pose hell – og god helse.»

Frå slutten av 1950-åra budde Hagen i kunstnarkolonien på Ekely, til ho rundt 1995 måtte flytte på sjukeheim. Ho hadde fått diagnosen Alzheimers sjukdom og budde på sjukeheim resten av livet.

Utdanning og impulsar Hagen hadde utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) (1930–1933) og Statens kunstakademi (1934–1938). I året mellom SHKS og akademiet var ho elev i ei privat studiegruppe leia av kunstnaren Jean Heiberg. Senere arbeidde ho ei tid hos ulike kunstnarar; i den grafiske verkstaden til Dejourbert i Paris (1958 og 1970), hos Jens Christian Sørensen i København og Rolf Janson i Stockholm.

Dei to fyrste åra ved akademiet studerte Hagen under Axel Revold og Jean Heiberg. Hagen oppsummerte skilnaden på dei to kunstnarane slik: Revold lærte ho å oppleve fargen, Heiberg lærte ho å teikne.

I 1935 var den danske målaren Georg Jacobsen hjelpelærar ved akademiet, og i 1936 blei han konstituert som ekstraordinær professor i biletbygging og komposisjonslære der. Hagen var elev hos han i tre år. Jacobsen kom til akademiet med teoriar om biletoppbygging som til dels var basert på eit geometrisk grunnlag. Dette var teoriar han hadde utvikla i Paris, i samarbeid med den meksikanske målaren Diego Rivera. Jacobsen lærte elevane å analysere alle element som til saman skaper eit maleri: flata, rommet, proporsjonane og fargane, og verka til «dei gamle meistrane» blei gjennomgått som eksempel. Dei inngåande studia av den formale sida av måleriet gjorde at måleria til elevane fekk eit visst fellespreg, og elevane blei omtalte både som «Jacobsen-elevane» og «jacobinarane». Jacobsen var ikkje dogmatisk. Han ønskte ikkje at studentane skulle etterape han, eller måle like bilete. Han lærte dei om «samarbeid» mellom ulike element, og han lærte dei å arbeide.

Då Hagen seinare byrja å arbeide med sine store relieff i ulike materialar, let ho seg inspirere av enkelte andre kunstnarar, til dømes Sigurd Winge, som sjølv hadde utført store materialbilete.

Dansen var også viktig for Hagen. Mens ho studerte ved Teikneskulen var ho nokre år elev av dansaren Gerd Kjølaas og sa sjølv at hadde ho hatt moglegheiter, ville ho ha blitt dansar. Ho var spesielt interessert i moderne fridans, eller karakterdans, som gav ho verdifulle impulsar til målinga. Ho studerte dans for «å kunne overføre sin viten om rytme og bevegelse til sin egen kunstart».Else Hagen sitert i Forsgren, Frida

Kunst Hagen debuterte på Haustutstillinga i 1936 med tre verk: eit portrett, ein figurkomposisjon og ei skisse, og verka hennar blei nemnde spesielt i enkelte av meldingane av utstillinga. Meldaren i Arbeiderbladet skreiv til dømes: «Hennes portrett er både modent og bevisst gjort, og godt og fast i tegning og farve». Etter debuten, ei separatutstilling i Trondheim i 1945 og fyrstepremie i konkurransen til Unge Kunstneres Samfund i figurkomposisjon same år, blei ho følgd med «avventende oppmerksomhet», ifølgje Norges kunsthistorie. I 1950-åra hadde ho det definitive gjennombrotet sitt, med separatutstillingar i Noreg og Sverige og med fyrstepris i konkurransen om utsmykking av festsalen i Nøtterøy realskole.

Omtaler viser at Else Hagen var, og er, rekna som ein av dei sentrale norske modernistane etter krigen: «Hagen var sentral i etterkrigstiden med sin farge- og formkonsentrerte ‘figurative modernisme’. Hun la stor vekt på maleriets formale oppbygning og abstrakte elementer, men kombinerte dette med motiver som tok for seg nære relasjoner, brytninger i kjernefamilien og kvinnelige erfaringer.»

Konseptkunsten blei stadig meir aktuell frå 1970-åra, og modernistane kom meir i bakgrunnen. Frå rundt 1980 deltok Hagen sjeldan på utstillingar, før modernistane igjen blei aktuelle gjennom interessa til kunstsamlarar og museum etter 2020.

Ulike teknikkar upright|miniatyr|oljemåleri, ukjent år Frå starten av karrieren til andre halvdel av 1950-åra arbeidde Hagen hovudsakleg med måleri, men ho var ingen typisk «jacobinar». Åra med Revold og Heiberg hadde også gjeve henne viktige impulsar, men ho var oppteken av grunnprinsippa til Jacobsen for biletorganisering, både som ung målar og då ho seinare i hovudsak arbeidde med monumentalarbeid i ulike materialar.TV-intervjuet med Johan Vestly (1977), 06:45

Mot slutten av 1940-åra byrja Hagen med grafikk. Motiva var den fyrste tida delvis dei same som i måleria. Teknikkane var fyrst fargelitografi, seinare djuptrykk og serigrafi. Fargelitografien «Blå hester» frå rundt 1949 (attgjeven i grafikk-galleri nedanfor) blei i 2003 attgjeven på eit norsk frimerke.Minikunst; Stavanger aftenblad, 8. februar 2003

Hagen arbeidde med grafikk gjennom heile karrieren, parallelt med sine store, krevjande oppdrag. Grafikken blei ein fristad, «en måte å overleve, eller avreagere, på, som en sikkerhetsventil». Grafikken var uforpliktande, der hadde ho ingen oppdragsgivar, ho kunne øydelegge plata om ho ville – eller bruke dei grafiske blada som ho ville.«Om Else Hagen». TV-intervjuet med Johan Vestly (1977), 25:30

Hagen eksperimenterte også med pastellstiftar, og i 1946 stilte ho ut 56 pastellar i Unge Kunstneres Samfund. Nesten alle blei selde, inkludert fire til Nasjonalmuseet.Nokre av pastellane til Hagen ved Nasjonalmuseet

Etter krigen byrja ein tiårsperiode der Hagen bevega seg frå staffeli-måleriet mot monumentale rom-utsmykkingar. Kunstnarkollegaar som Rolf Nesch og den før nemnde Sigurd Winge hadde allereie byrja å eksperimentere med veggfaste utsmykkingar i ulike materialar. Hagen lærte av deira uredde måte å arbeide på, og ho lærte at leik og improvisasjon var brukbare verkemiddel.

Formingsundervisinga i folkeskulen i 1920-åra bestod av sløyd for gutane og handarbeid for jentene. Hagen hadde dimed ingen grunnkunnskap frå skulen om bruk av drill, loddebolt og andre verktøy som var heilt naudsynte i arbeidet med dei store materialbileta. Ho måtte lære å bruke verktøya etter kvart som ho fekk bruk for dei.

Dei siste åra av karrieren gjekk Hagen tilbake til måleriet, og i 1984 debuterte ho som akvarellmålar, 70 år gammal. Ho hadde då i meir enn 25 år tenkt på å måle bilete igjen, men hadde ikkje hatt tid på grunn av monumentale, offentlege oppdrag. Då ho besøkte si siste separatutstilling med ein journalist i 1992, uttalte ho at det var frigjerande å kunne forkaste eller arbeide med eit bilete og ikkje trenge å halde på med det same i månadsvis. «Med utsmykningene kom jeg til et metningspunkt, oppgavene gikk i ett. Den neste utsmykningen ventet før jeg var ferdig med den forrige».

Motiv

Motiva henta Hagen frå enkle kvardagslege situasjonar. Menneske, og framfor alt mennesket, var hennar viktigaste motiv. Ho ønskte å måle «mennesker som produkt av miljø – levende, skjebnebestemte mennesker.» Kulturredaktør Arve Moen skreiv i 1950 at Hagen av og til «kunne få en til å tenke på Christian Krohg. En finner hos henne den samme optattheten av å skildre mennesker og deres omgivelser.»

Hagen sa sjølv at mange av bileta hennar handla om det å vere basta og bunden. «[…] ved å gi tankene og forestillingene billedlig form, frigjør hun seg fra den ubehagelige følelsen av tvang.»

Masker er eit motiv som finst i fleire av verka til Hagen, både i måleri, trykk, relieff – og som sjølvstendige materialbilete. Ho omtaler maskene, ikkje som noko å gøyme seg bak, men som eit symbol på at ein finn måtar å vere på fordi det forenklar tilværet.TV-intervjuet med Johan Vestly (1977), 27:35 Ho har også utforma masker for teater.

Det finst også fuglar i fleire av verka til Hagen, dels som trugande, urovekkande vesen, dels som eit positivt symbol, som i «Samfund», der ho ønskte å «gi følelse av vekst, natur, trær eller mennesker, der tankens og fantasiens blå fugler kan trives».Hagen sitert i NBL Fuglane blir verna av dei eldre heilt til venstre i bilete, før dei blir slopne fri av ungdommen til høgre i bildet.Mysen ... foredrag

Med åra blei motiva til Hagen meir abstrakte. Eit døme er relieffet «Generasjonsskikt» frå 1971 (sjå galleri over monumentalarbeid nedanfor).

Monumentalarbeid I 1950 vann Hagen konkurransen om utsmykking av Nøtterøy realskole. Ho blei då den fyrste kvinnelege kunstnaren som fekk eit offentleg utsmykkingsoppdrag i Noreg. Berre nokre månader tidlegare hadde kunsthistorikaren Arve Moen skrive «kanskje går Else Hagen en vakker dag hen og vinner en representativ dekorativ opgave.» Då ho hadde vunne konkurransen, arbeidde ho med kartongane til den store freskoen gjennom storparten av 1951 og vinteren 1952. Sommaren 1952 overførte ho kartongskissene til langveggen og tverrveggen i festsalen og frukostrommet på den nye skulen. Motivet for tverrveggen var Hva skal jeg bli?, mens motivet på langveggen trekte linjene frå heimkommunen Nøtterøy til fjerne stader som Paris (representert ved Eiffeltårnet), Asia, New York by og Afrika.