Vasilij Pavlovitsj Rotsjev () er ein tidlegare langrennar som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister med det sovjetiske stafettlaget under Vinter-OL 1980.

Rotsjev tok bronsemedaljen på 15 km i Ski-VM 1974, berre halvtanna sekund bakom vinnaren Magne Myrmo. To dagar seinare gjekk Rotsjev den tredje etappen for Sovjetunionen sitt sølvlag i 4 x 10 km stafett. Han vann deretter 15-kilometeren i Lahti åra 1974, 1975 og 1977. Under dei olympiske vinterleikane i Lake Placid i 1980 gjekk han inn til sølvmedalje på tremila, for så å gå startetappen for det sovjetiske vinnarlaget i 4 x 10 km stafett.

Sonen Vasilij V. Rotsjev vann ein gullmedalje i Ski-VM 2005.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wassili Pawlowitsch Rotschew» frå , den 27. mars 2024.

Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980