The Tannahill Weavers er ei skotsk musikkgruppe som speler skotsk folkemusikk. Gruppa blei skipa i 1968, og gav ut sitt fyrste album i 1976. Ho merka seg ut som eit av dei fyrste kjende banda til å nytta skotsk sekkepipe i eit ensemble. Gruppa blei teken inn i Scottish Traditional Music Hall of Fame i 2011.
Gruppa oppstod frå ein folk-session i Paisley i Skottland. Ho er kalla opp etter den lokale diktaren Robert Tannahill og vevarane som var viktige for byen. Gruppa var også påverka av den amerikanske folk-gruppa The Weavers. Medlemmane på den fyrste konserten deira var Roy Gullane, John Cassidy og Stuart McKay. Gruppa har hatt fleire ulike medlemmar sidan, men Gullane har vore med sidan byrjinga. Dougie MacLean spelte fele med gruppa i to år. Gruppa har turnert mykje i heimlandet, elles i Europa og USA.
Diskografi Album
Are Ye Sleeping Maggie (1976) The Old Woman's Dance (1978) The Tannahill Weavers (1979) Tannahill Weavers IV (1981) Passage (1984) Land of Light (1986) Dancing Feet (1987) Best of the Tannahill Weavers 1979 - 1989 (1989) Cullen Bay (1990) The Mermaid's Song (1992) Capernaum (1994) Leaving St. Kilda (1996) The Tannahill Weavers Collection: Choice Cuts 1987-1996 (1997) Epona (1998) Alchemy (2000) Arnish Light (2003) Live and In Session (2006) Òrach (2018)
Tidsline over medlemmar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Tannahill Weavers» frå , den 13. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skotske musikkgrupper