Tachov er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Tachov okres i regionen Plzeň kraj i Tsjekkia. Byen ligg ved elva Mže.

Historie Området var folkesett av menneske kring 8000–6000 f.Kr. Den fyrste dokumentasjonen som nemner Tachov er frå 1115. Kong Ottokar II av Böhmen (1233–1278) bygde ei ny borg med eit stort rundt steintårn her. Han grunnla også ein by med ein mur rundt ved borga.

Under Husittarkrigane (1419–1434) var byen kringsett fleire gonger og teken. Husittgeneralen Prokop den store sigra under slaget ved Tachov i 1427. Byen blei også kraftig skadd under Trettiårskrigen (1618–1648).

Fram til 1918 var Tachov (som Tachau) del av Det austerrikske keisarriket, og distriktshovudstad for Tachau. I 1938 blei byen okkupert av tyske styrkar som del av Sudetenland. Dei fleste tyskspråklege innbyggjarane blei forviste i 1945 (jf. Beneš-dekreta). Området blei deretter berre delvis folkesett att, for det meste av tsjekkarar og slovakarar, men også av tilflytta rumenarar og ukrainarar. Seinare blei det skipa ei urangruve her som trekte til seg arbeidarar. Etter Fløyelsrevolusjonen som enda kommunisttida i 1989 blei gruva stengd.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Tachov er ein slik by med utvida fullmakter.

Kommunar Det administrative området til Tachov omfattar 27 kommunar. Av desse er 4 byar (tsjekkisk město) og 2 marknadsbyar (tsjekkisk městys). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift og marknadsbyar med kursiv skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Tachov SO 34 790 35 328 35 660

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Tachov 12 510 Planá 5 292 Bor 4 301 1 805 Přimda 1 404 1 203 1 190

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Tachov 11 888 Planá 4 869 Bor 2 572 1 546 Přimda 816 791 745

Bydelar i Tachov Bydelane og tettstadene i Tachov: Bydel/tettstad Folketal 2021 Tachov 7 134 Tachov by 11 888 13 30 89 80 37 136 136 136 Tachov kommune 12 510

Kjende folk frå byen

Moses Taku (1200-talet), rabbinar Franz Rumpler (1848–1922), målar Mordecai Schornstein (1869–1949), sjefrabbinar i København Rudolf Böttger (1887–1973), målar Karel Sperber (1910–1957), kirurg

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tachov» frå , den 4. februar 2023.

Bakgrunnsstoff Tachov

Tachov Tachov Tachov