Verdsmeisterskapen i handball 2025 for menn vart arrangert i Danmark, Kroatia og Noreg i dagane frå 14. januar til 2. februar 2025. Det vart fyrste gongen Noreg stod som arrangør av eit handball-verdsmeisterskap for menn og høvesvis andre og tredje gongen Kroatia og Danmark arrangerte eit VM i handball. 32 landslag deltok i meisterskapen.
Vertsnasjon Danmark var tre gongar regjerande meister, etter å ha vunne verdsmeisterskapen i 2019, 2021 og 2023, og forsvarte tittelen etter å ha slege vertsnasjon Kroatia 32–26 i finalen. Med sigeren vart Danmark det fyrste herrelandslaget i handball i å vinne verdsmeisterskapen fire gongar på rad. Frankrike tok bronse, etter å ha slege Portugal 35–34 i bronsefinalen.
Arenaer Meisterskapen vart spelt i 5 byar; , Varaždin og Zagreb i Kroatia; Herning i Danmark; og Oslo i Noreg. Opninga og finalen fann stad i Oslo.
Herning Oslo Varaždin ZagrebUnity Arena
Trekking Trekkinga av gruppene i den innleiande runden blei gjennomført i i Zagreb 29. mai 2024.https://www.antenazadar.hr/clanak/2024/05/rukomet-baby-lasagna-ce-nastupiti-na-zdrijebu-svjetskog-prvenstva/
Seeding Før trekkinga av gruppene 29. mai 2024 blei laga seeda i fire grupper basert på plassering ved førre meisterskap og i samsvar med IHF-reglane.
Skål 1 Skål 2 Skål 3 Skål 4
Innleiande runde Gruppe A
Gruppe B
Gruppe C
Gruppe D
Gruppe E
Gruppe F
Gruppe G
Gruppe H
President's Cup Gruppe I
Gruppe II
Plasseringskamper om 25. til 32. plass Kamp om 31. plass
Kamp om 29. plass
Kamp om 27. plass
Kamp om 25. plass
Hovudrunden Gruppe I
Gruppe II
Gruppe III
Gruppe IV
Sluttspelet Kvartfinalar
Semifinalar
Bronsefinale
Finale
Finalen vart avvikla sundag 2. februar på Fornebu i Oslo. Danmark tok styringa i kampen og leia 16-12 ved pause. I den andre omgangen kontrollerte dei rutinert danske spelarane inn til triumf 32-26.
Verdseinaren Mathias Gidsel skåra 10 mål for Danmark og vart toppskårar i kampen. Emil Jakobsen skåra 5 mål, medan Emil Madsen og Simon Pytlick med kvar sine 4, Lukas Jørgensen og Niclas Kirkeløkke 2 begge, Magnus Landin og Rasmus Lauge 1 begge, syrgde for at Danmark fekk 32 nettkjenningar i løpet av dei 60 minutta kampen vart. Emil Nielsen og Jannick Green var danske målvakter.
Kroatia stoppa på 26 mål. Ivan Martinović skåra 6 av desse og vart toppskårar for laget.
Dei danske spelarane måtte tole fire 2-minuttsutvisingar, kroatane sju.
Sjå òg Handball-VM 2025 for kvinner
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Nettsida til IHF
Kategori:Handball-VM Kategori:Handball i 2025 Kategori:Internasjonale meisterskap i Danmark Kategori:Internasjonale meisterskap i Kroatia Kategori:Internasjonale meisterskap i Noreg Kategori:2025 i Danmark Kategori:2025 i Kroatia Kategori:Sport i Noreg i 2025