Askvoll-Gjervik-Fure er eit ferjesamband over Granesundet mellom Askvoll og Gjervik i Atløyna i Askvoll kommune. Mange av turane frå Askvoll går over Vilnesfjorden til Fure, men fåe turar går direkte mellom Fure og Gjervik, sjå Skyss.

Strekninga Askvoll ferjekai - Gjervik ferjekai inngår i fylkesveg 608 medan Askvoll - Fure ferjekai - Gjervik inngår i fylkesveg 5655. Sambandet er operert av Fjord1 med ferja MF «Davik».

Ferjesambandet mellom mellom Askvoll og Gjervik kom på plass i 1971, og to år seinare vart Fure lagt til sambandet då ny tidshøveleg ferjekai kom på plass.

Sjå òg Askvoll-Fure-Værlandet

Bakgrunnsstoff Hermund Kleppa: «Fylkesbaatane – bilferja Dalsfjord (2)» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Kategori:Fylkesveg 608 Kategori:Fylkesveg 5655 Kategori:Fylkesvegferjer Kategori:Ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Askvoll Kategori:Samferdsle i Fjaler