Sporaneset er eit helleristingsfelt på Rauland i Vinje kommune, på eit steinete nes ved Totak på veg mellom kyrkja og bygdesenteret. Helleristingane består av menneskefotspor (der stadnamnet kjem frå), dyrefigurar, eit skip, eit solkors og to gjerde. Dyr avbilda i helleristingane liknar på elg og rein, noko som er ikkje vanleg for helleristingsmotiv etter den eldre steinalderen, medan sume figurar på Sporaneset er typiske for bronsealderen. Sjølv om ein finn bruk av fotspormotiva i helleristingane mange stadar i Norden og nordre Russland, har Sporaneset uvanleg mange spor på same plass (ca. 20 stykk).
Soger Ifølgje Magnus Landstad var Olav den heilage på Totak og hamna i ein storm. Båten hans styrta på Farodden (Sporaneset), og der bad Olav til Gud om at det ikkje skulle omkoma noko meir folk i uvêr på Totak. Sidan då har Olavs fotspor, i tillegg til spor av krigarane hans, sette seg i stein. Liknande segner om Olav sine fotavtrykk finst over heile landet, mellom anna på Haukeli i same kommune som Rauland.
Galleri
Kategori:Helleristingar i Noreg Kategori:Kulturminne i Vinje