Massakren på Thammasat-universitetet (thai: เหตุการณ์ 6 ตุลา, RTGS: Hetkan Hok Tula) var eit dødeleg angrep av tryggingsstyrkar og høgreekstreme vigilante-grupper på venstreorienterte studentar og demonstrantar som fann stad på universitetsområdet til Thammasat-universitetet og på Sanam Luang-plassen i sentrum av den thailandske hovudstaden Bangkok den 6. oktober 1976.
Demonstrantane hadde samla seg fredeleg for å protestere mot at ein av dei tidlegare diktatorane som vart kasta ut under folkeopprøret i 1973, Thanom Kittikachon, hadde komme tilbake til landet den 19. september 1976.Remembering/Silencing the Traumatic past av Thongchai Winichakul, kapittel 10 i Tanabe og Keyes, side 243-247
Tilbakekomsten var ifølgje historikar, overlevande studentdemonstrant og vitne Thongchai Winichakul, utan tvil meint å provosere befolkninga og studentrørsla. Universitetetsorganisasjonen NSCT organiserte forsiktig nokre få demonstrasjonar rundt om i landet for å demonstrere mot tilbakekomsten, men den 29. september 1976 vart to arbeidaraktivistar funne hange på ein offentleg stad med merke frå handjernet til politiet på handledda. Nokre få dagar seinare oppmoda NSCT til ein stor demonstrasjon på den offentlege plassen Sanam Luang i Bangkok, demonstrasjonar som heldt fram og vart vidare flytta inn på universitetsområdet til Thammasat-universitetet like i nærleiken fordi dette vart rekna som ein tryggare stad. Den 30. september var 10 000 studentar samla saman med dei største arbeidargruppene, og både han og den neste store demonstrasjonen den 3. oktober vart avhalden fredeleg.
Demonstrantane kravde at statsminister Seni Pramojs regjering skulle gjere ein slutt på forsøket på å gjenninføre militærstyre. Midt på dagen den 4. oktober heldt studentgrupper på Thammasat-universitetet ein offentleg sketsj for å protestere mot henginga, og å oppmode til demonstrasjonar seinare den dagen. Ein del av sketsjen var ei henging. Ein rojalistisk ytre-høgreorientert avis skreiv på framsida av utgåva den 5. oktober 1976 at dette var ein sketsj som hånte med å henge dåverande kronprins Vajiralongkorn, medan det militærkontrollerte kringkastingsnettet sende propaganda som skulda NSCT for majestetsfornærming, og fokuset vart endra vekk frå tilbakekomsten og til hengesketsjen. Politiet dukka opp med tunge våpen klokka to eller tre på morgonen den 6. oktober framfor Thammasat-universitetet og byrja å skyte inn på universitetsområdet. Sjølve blodbadet på demonstrantane som var på universitetsområdet byrja klokka halv seks den morgonen.Handley, side 235Winichakul, side 27-36
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Dokumentarfilmen
Kategori:1976 i Thailand Kategori:Konfliktar i 1976 Kategori:Massakrar