Amadou Bah Oury () er ein guineansk politikar som frå 27. februar 2024 har vore statsminister i Guinea. Han blei utnemnd etter at Bernard Goumou måtte trekkje seg. Oury blei, som også Bernard Goumou, innsett av president Mamady Doumbouya som tok makta i Guinea i eit militærkupp i september 2021, der den dåverande presidenten Alpha Condé blei avsett.
Bakgrunn Oury er fødd i Pita i Guinea i 1958, men flykta med familien til Senegal som seksåring. Han har utdanning i matematikk frå Frankrike.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bah Oury» frå , den 9. oktober 2024.
Kategori:Guineanske statsministrar