Alkefamilien (Alcidae), alkefuglar, er ein familie i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Familien har 23 artar fordelt på 10 slekter, alle med leveområde i relativt nordlege, kalde område. Seks artar lever i Nord-Atlanteren, alle desse hekkar mellom anna i Noreg. 19 til 20 artar er utbreidd i Stillehavet. Alkefuglane liknar pingvinar i fargemønsteret, i den oppreiste kroppsstillinga, og i litt av levemåten. Likevel er desse to gruppene ikkje nært i slekt, men snarare eit eksempel på moderat konvergerande evolusjon.
I motsetnad til pingvinar, er alkefuglane i stand til å flyge. Unntaket var geirfuglen. Dei er gode symjarar og dukkarar, men dei opptrer keiveleg til fots. Vengene er korte med lite bereevne, så alkefuglane må nytte høg frekvens på vengeslaga for å flyge. Nolevande alkefuglar varierer i storleik frå den minste, flekkdvergalke, på 85 gram og 15 cm, til polarlomvi, som kan nå eit kilogram og 45 cm i kroppslengd.
Alkefuglane lever på opent hav og går i land berre for hekking, sjølv om enkelte artar, som lomvien bruker ein stor del av året til å forsvare reirplassen sin mot andre fuglar.
Somme artar, for eksempel slekta Uria, lomviar, hekkar i store koloniar i fuglefjell. Andre, som slekta Cepphus, teistar, hekkar i mindre grupper i steinurer, og lunde, alker og nokre starikar (slekta Synthliboramphus) hekkar i tronge jord og fjellhòler. Dvergteistar, Brachyramphus dannar ikkje hekkekoloniar.
Artsliste mini|høgre|Papegøyealke, Aethia psittacula mini|høgre|Alkekonge, Alle alle mini|høgre|Polarlomvi, Uria lomvia Nolevande artar av alkefuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: For kladogram, sjå Alkefamilien/Kladogram.
Slekt Alle Alkekonge, Alle alle, Dovekie, Linné, 1758, (LC)
Slekt Uria Lomvi, Uria aalge, Common Murre, Pontoppidan, 1763, (LC) Polarlomvi, Uria lomvia, Thick-billed Murre, Linné, 1758, (LC)
Slekt Alca Alke, Alca torda, Razorbill, Linné, 1758, (NT)
Slekt Cepphus Teist, Cepphus grylle, Black Guillemot, Linné, 1758, (LC) Beringteist, Cepphus columba, Pigeon Guillemot, Pallas, 1811, (LC) Brilleteist, Cepphus carbo, Spectacled Guillemot, Pallas, 1811, (LC)
Slekt Brachyramphus Langnebbdvergteist, Brachyramphus perdix, Long-billed Murrelet, Pallas, 1811, (NT) Marmordvergteist, Brachyramphus marmoratus, Marbled Murrelet, Gmelin, JF, 1789, (EN) Kortnebbdvergteist, Brachyramphus brevirostris, Kittlitz's Murrelet, Vigors, 1829, (NT)
Slekt Synthliboramphus Kaliforniastarik, Synthliboramphus scrippsi, Scripps's Murrelet, Green & Arnold, 1939, (VU) Guadalupestarik, Synthliboramphus hypoleucus, Guadalupe Murrelet, Xántus de Vésey, 1860, (EN) Mexicostarik, Synthliboramphus craveri, Craveri's Murrelet, Salvadori, 1865, (VU) Nordstarik, Synthliboramphus antiquus, Ancient Murrelet, Gmelin, JF, 1789, (LC) Japanstarik, Synthliboramphus wumizusume, Japanese Murrelet, Temminck, 1836, (VU)
Slekt Ptychoramphus Sotalke, Ptychoramphus aleuticus, Cassin's Auklet, Pallas, 1811, (NT)
Slekt Aethia Papegøyealke, Aethia psittacula, Parakeet Auklet, Pallas, 1769, (LC) Flekkdvergalke, Aethia pusilla, Least Auklet, Pallas, 1811, (LC) Praktdvergalke, Aethia pygmaea, Whiskered Auklet, Gmelin, JF, 1789, (LC) Toppdvergalke, Aethia cristatella, Crested Auklet, Pallas, 1769, (LC)
Slekt Cerorhinca Nashornlunde, Cerorhinca monocerata, Rhinoceros Auklet, Pallas, 1811, (LC)
Slekt Fratercula Lunde, Fratercula arctica, Atlantic Puffin, Linné, 1758, (VU) Hornlunde, Fratercula corniculata, Horned Puffin, Naumann, JF, 1821, (LC) Topplunde, Fratercula cirrhata, Tufted Puffin, Pallas, 1769, (LC)
Kjelder
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Denne artikkelen bygger på «Auk» frå , den 6. juli 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vade-, måse- og alkefuglar Kategori:Sjøfuglar Kategori:Fuglar i Atlanteren Kategori:Fuglar i Arktis