Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger er eit ikkje-gjennomgåande bilførande båtsamband i Sognefjorden, og er eit produkt av at det tidlegare ferjesambandet Ortnevik-Måren-Nordeide vart slegen saman med rutebåten mellom Ortnevik og Vik. Seinare vart Høyanger lagt til sambandet. Kombibåten på sambandet har eit lite bildekk med plass til lette køyretøy. I mange tilfelle må både stopp og bilplass førehandstingast, sjå Skyss.

Kjernekorridoren med flest avgangar går som kommunal ferje mellom Ortnevik, Måren og Nordeide i Høyanger kommune. Einskilde avgangar frå Ortnevik-Måren-Nordeide går vidare til og frå Høyanger kai. I tillegg går einskilde avgangar Nordeide-Måren-Ortnevik vidare til og frå Vetlesand, Sylvarnes, Vollevik, Finden, Geithus, Otterskred og Vik, der ingen av stoppa mellom Ortnevik og Vik kan ta bilar.

Kjelder

Kategori:Bilførande båtsamband i Vestland Kategori:Kommunale ferjer Kategori:Samferdsle i Høyanger Kategori:Samferdsle i Vik Kategori:Skipingar i 2000